Stranda distrikt, Stranda kommune
Det er ledig 100 % stilling som sjukepleiar i heimetenesta frå 02.03.2026. Arbeid etter til ei kvar til gjeldande turnus.
Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordring på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til brukarar med varierande behov
- Dokumentasjon i pasientjournal
- Medikamenthandtering
- Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Yte teneste etter gjeldande lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
- Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi
- Førarkort
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar
- Ynskje om å arbeide med eldre og vere oppteken av høg fagleg kvalitet
- Gode kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig og målretta
- Evne til å samarbeide godt med andre
- Positiv i møte med brukarar og kollegaer
- Personlege eigenskaper vert vektlagd
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver samt innflytelse på eigen arbeidskvardag
- Kompetanseheving
- Ungt og fagleg aktivt miljø
- God opplæring
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Astrid Helene Ringdal, Avdelingsleiar, +47 46411156
Arbeidsstad
Nymarkvegen 58
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5050264265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 19.12.2025