Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du vere med på laget vårt? Vi har ledig vikariat for sjukepleiar, p.t. på natt, med oppstart frå 15. januar 2026.
Vi ønskjer oss ein positiv og fagleg dyktig person som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønskjer oss kollegaer som er personleg eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Obligatorisk kursing og trening i MAP
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Delta aktivt i seksjonens utvikling
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Denne jobben kan tidvis være krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiing du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskader av dette, og det forventer vi at du toler å stå i.
- Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si begrensning, og nok styrke til å trå til når det trengs
- Du er nysgjerrig på fagfeltet, tør å stille spørsmål og er komfortabel med å bringe dine synspunkt inn til diskusjon med kollegaene dine
- Vi jobbar i eit hektisk miljø og vi er avhengig av å ha tilsette som kan ta ei utfordring på sparket, og stole på seg sjølv
- Du er positiv, god relasjonsbyggar og løysingsorientert slik at vi kan samarbeide godt både i eigen seksjon og på tvers med andre yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar
- Du har stor arbeidskapasitet og god fysisk og psykisk helse då vi tidvis har pasientarbeid som er krevjande
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar menn til å søkje.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Ingrid Ølander, Konst. seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5039429542
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.01.2026
Sluttdato: 15.11.2026
Søknadsfrist: 15.12.2025