Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Vi har ledig 80% sykevikariat for sykepleier/vernepleier f.t. todelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Oppstart 1.9.25 eller etter avtale. Vikariatet kan verte forlenga.
Ved eventuelle interne rokkeringar kan andre stillingar verte ledige.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri og består av ein døgnpost og ein poliklinikk. APS Sunnmøre er tverrfagleg samansett av legespesialistar, legar i spesialisering, ergoterapeut, spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og merkantile ressursar.
Ved døgnpost og poliklinikk utgreier og behandlar vi pasientar i følgjande målgrupper:
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år.
- Personar med demenssjukdom og alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans.
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsaker gjer alderspsykiatri tenleg.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonens utvikling
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Dokumentasjon
- Medikamenthandtering
- Pasientnært arbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Ein må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide i tverrfaglege team
- Gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
- Arbeide sjølvstendig
- Ta initiativ
- God digital kompetanse – Helseplattformen
- Fleksibel og løysingsorientert
- Medverke til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Omstillingsdyktig
- Stor arbeidskapasitet – fysisk og psykisk egna til stillinga
- Relasjonsbyggar
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, 70167400, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no
Arbeidssted
Ålesund sykehus
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4995412146
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 15.02.2026
Søknadsfrist: 06.08.2025