Sjukepleiar

Interkommunale helsetenester, Stad kommune

Interkommunale helsetenester er akuttberedskapen i Nordfjord  og har et vidt spekter av oppgåver og utfordringar som skal løysast.
Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune).

Vi er ein spennande arbeidsplass der ein kvar dag "kjenner pulsen på Nordfjord"- litt action, godt arbeidsmiljø og ein får utfordre seg sjølv. Her må ein være løysingsorientert og kunne stole på eigne vurderingar. Vi har ein arbeidskvardag med stor variasjon, faglege utfordringar og tett tverrfagleg samarbeid. Hos oss er du ein del av eit engasjert team med lege og sjukepleiarar i tett samarbeid med ambulansetenesta.

Jobben som sjukepleiar ved IKHT er svært variert, og ingen vakter er like. Sjukepleiar byter på å jobbe med legevaktformidling, gje råd og rettleiing på telefon, stell og pleie til pasient ved ØHD, og pasientbehandling ved legevakta, utrykking med legevaktsbil. 

Interkommunale helsetenester har ledig:

 84 % fast stilling inkludert 12 % frie timar

Stillinga har tredelt turnus, og arbeid to av sju helgar med langvakter.

*Stad kommune ynskjer å tilby 100 % sjukepleiarstilling. Då vert den resterande stillingsprosenten i ei anna eining der vi treng sjukepleiarar. Turnusen vert     samordna mellom einingane for å få best mogleg tilpasning for arbeid og fritid.

Er du på søken etter ei stilling med faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og  personlig utvikling? Då er dette stillinga for deg!

Arbeidsoppgåver

  • Svare legevakttelefonen, hastegradsvurdering og prioritering  av pasientar, rådgjeving til pasientar og helsepersonell
  • Tilrettelegge og assistere ved skader, traume og akutt sjukdom
  • Medikamenthandtering
  • Observasjon, pleie og behandling av pasient
  • Samhandle med helseforetak og andre kommunale teneste for koordinering av helsehjelp for innbyggjarane
  • Fagleg oppdatering og øving ved ledig tid

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med interesse for akuttmedisin
  • Fordel med erfaring frå akuttmedisin  
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • God munnleg framstillingsevne på engelsk
  • Førarkort kl B for utrykning av legevaktbil saman med lege. Moglegheit for å ta "utrykningslappen".

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team 
  • Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande
  • Du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag med høg aktivitet
  • Du har medansvar for eit godt arbeidsmiljø
  • Du er ryddig og held orden rundt seg

Vi tilbyr

  • God opplæring og oppfølging
  • Utfordrande og varierte  arbeidsoppgåver
  • Øving i akuttmedisin
  • Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel
  • Tredelt turnus med langvakter helg. Tilrettelagt for kvile på langvakter.
  • Sjukepleiarar i turnus gis eit rekrutteringstillegg på kr. 30.000 over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4.
  • Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studier/vidareutdanningar

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referanser av nyare dato.

Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Kontaktinformasjon

Terje Andre Drage, avdelingsleiar Interkommunale helsetenester, 92022233, Terje.Andre.Drage@stad.kommune.no
Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, +47 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4990162149
Stillingsprosent: 84%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted