Sjukepleiar

  • Heltid
  • HJELSET, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 15. juni 2025

Dagkirurgi SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF

Er du sjukepleiar og har lyst til å prøve noko nytt i sommar? Då er vi den rette for deg! Dagkirurgen har ledig 100% vikariat i sommar.

Vi søkjer etter sjukepleiar ved dagkirurgisk avdeling ved det nye felles akuttsjukehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landets og kanskje Europas mest moderne helsebygg. 

Dagkirurgen SNR Hjelset søkjer ein sjukepleiar som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, er engasjert og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Arbeidet vil bestå i sjukepleie i samband med dagkirurgiske inngrep innan felta kirurgi, urologi, ortopedi, gynekologi, ØNH, auge og tann/kjeve. I tillegg har vi andre pasientgrupper som treng kortare narkoser og undersøkingar. Vi behandlar både vaksne og barn. Vi er opptatt av tverrfagleg samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling. Vi samarbeider tett med anestesi- og operasjonspersonell for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. 

Vi kan tilby 100% sommarvikariat med dagarbeid og fri på helg. På sommaren jobbar vi mellom kl 07.15 til kl 17.00 fordelt på ulike vaktkoder. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, førebuing og overvåking av pasientar i samband med dagkirurgiske operasjonar og undersøkingar
  • Heilheitlig sjukepleie og oppfølging av pasientar, både vaksne og barn
  • Medikamenthandtering
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
  • Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
  • Du må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver
  • Evne til å jobbe i et miljø med høg aktivitet

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert, engasjert og løysingsorientert
  • Du evner å ta ansvar og initiativ til å sørgje for optimal pasientbehandling
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er fleksibel og kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du er positiv og har gode holdningar
  • Du er ein god bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Ann-Synnøve Stranden Klausen, Seksjonsleder, +47 48094337, Ann-Synnove.S.Klausen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4980135908
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 15.08.2025
Søknadsfrist: 16.06.2025