Medisinsk sengepost Nordfjord sjukehus, Helse Førde
Ønskjer du å bu på ein spennande plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar? Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Nordfjord sjukehus har ledig stillingar for sjukepleiar:
- 1 x 80 % fast stilling: Medisinsk sengepost
- 1 x 40 % fast stilling: Medisinsk sengepost
Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot dei fleste pasientar med behov for akutthjelp frå dette området.
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod og eit godt fritids- og kulturtilbod.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Gruppeleiarfunksjon
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS og Meona
- 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi tilrettelegg for langvakter om ønskeleg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå sjukehus / medisinsk sengepost er ein fordel
- Erfaring med bruk av DIPS eller Meona er ein fordel
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Personlege eigenskapar
- Vere pasientorientert og ansvarsbevisst
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel og engasjert
- Evne til systematisk arbeid
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Katrine Holmøy Holvik, Einingleiar, (+47) 916 97 445
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, (+47) 932 90 198
Arbeidssted
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4969175677
Stillingsprosent: 80, 40%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2025