Sjukepleiar 100% fast stilling i Heimetenesta

  • Heltid
  • SVEIO, NORGE
  • Publisert: 5 timer siden
  • 10. august 2025

Om stillinga

Me søkjer etter ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast sjukepleiarstilling 100 %.

Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggjarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør.  Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.                                                        

Eininga har eit godt arbeidsmiljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og kjenn deg trygg i avdelinga.

Turnus er todelt dag/kveld og me har årsturnus som går over 52 veker.  

Arbeidsoppgåver

  • I Heimetenesta jobbar me aktivt for at brukarane skal meistre å bu heima så lenge som mogeleg
  • Mange spennande faglege utfordringar i tenesta der brukarane har eit alderspenn frå 0-100+ år
  • Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre einingar i kommunen som bl.a tenestekontor, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og sjukeheim
  • Sjukepleiar har ansvar for medisinskfaglege oppgåver
  • Sjukepleiar skal vera ein pådrivar for å leggje til rette og bidra til at brukarane opplev tryggleik og mestring
  • Rettleiing av sjukepleiarstudentar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, 3. års studentar oppmodast til å søkje.
  • Personlege eigenskapar
  • Sertifikat klasse B
  • Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Intiativrik
  • Du har god holdningar og verdiar som set pasientane i fokus
  • Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
  • Er opptatt av fag, kvalitet og service
  • Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer)

Vi tilbyr

  • Faste fagdagar og fagmøter
  • Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid
  • Moglegheit for langvakter i helgene
  • Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
  • Mulighet for vidareutdanning
  • God offentleg pensjonsordning
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Kommunale bilar
  • Bedriftshelsetjeneste

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted