Gulen kommune
Om stillinga Me tilbyr
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 01.09.2025, for tida ved Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim. Arbeid kvar tredje helg, eventuelt langvakter kvar fjerde helg.
Eininga har også ledig i inntil 200% vikariat som sjukepleiar frå snarast/etter avtale og omlag eitt år fram.
- Løn over tariff for kvalifisert tilsett i arbeid i turnus
- Bonus på 100 000,- ved binding i to år i den faste stillinga (ratevis utbetaling)
- Ekstra helgekompensasjon
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim
Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til personane på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillinga vil i fyrste omgang vere knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med oppgåver både i heimetenesta og på sjukeheimen ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering