Sjukepleiar 100 % fast stilling

  • Heltid
  • SYKKYLVEN, NORGE
  • Publisert: 3 timer siden
  • 6. september 2025

Heimetenestene, Sykkylven kommune

Vi er på jakt etter ein sjukepleiar som kan bidra til å realisere avdelinga sine mål og planer! Er dette noko for deg? Då håper vi at du sender oss ein søknad!
Stillinga er lokalisert i Korttids- og rehabiliterings avdelinga som er organisert under eininga Heimetenestene.

Avdelinga har totalt 14 plassar, der av 1 KAD-plass, 1 avlastningsrom og eit rom til palliasjon. Som sjukepleiar vil du arbeide tett med institusjonslege/legevaktslege, fysioterapeut, ergoterapeut, palliativteam, kreftkoordinator og sårsjukepleiar under eiga eining. 

Vi har følgande stilling ledig

  • 100 % fast stilling i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.  

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å realisere avdelinga sine mål og planar 
  • Medisinhandtering og arbeid på medisinrom:  

– Tillaging av og administrering av dosettar 
– Infusjonar 
– Antibiotikabehandling 
– Injeksjonar 

  • Blodprøvetaking og anna laboratoriearbeid 
  • Kartlegge, utarbeide, gjennomføre, evaluere og dokumentere tiltaksarbeid 
  • Dokumentasjon i pasientjournal   
  • Palliativ pleie 
  • Legge til rette for godt samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer 
  • Sjukepleie til pasientar med samansette behov 
  • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, innsatsteam og tenestekontor 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Evne og motivasjon til å halde seg fagleg oppdatert 
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg 
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til journalsystemet er ein fordel (Visma profil & Sensio) 
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). 
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer 

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Er fleksibel og løysingsorientert 
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig men og saman med andre 
  • Vise fagleg engasjement og evne til å arbeide strukturert 
  • Motivert og serviceinnstilt 
  • Har evne til å ta ansvar 
  • Vere nytenkande og interessert i utvikling 
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø 
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver  
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Tett fagmiljø og fagtime x 1 per veke 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP 
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette 

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Kristine Bjørnestad, avdelingsleiar, 99494743, kristine.bjornestad@sykkylven.kommune.no
Gulay Kar, Einingsleiar Sykkylven legesenter og heimetenester, +47 47728672

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4990147968
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 31.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted