Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
Er du sjukepleiar og ute etter nye utfordringar? Vi har ledig 100 % fast stilling frå 01.07.2025 ved BUAS sone 2! Stillinga er i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg .
Vi er ein super gjeng som er fagleg engasjerte og stolte av arbeidsplassen vår! Vi søkjer ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig men ha gode samarbeidsevner, samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig i avdelinga. Vi nyttar fagdatasystemet Visma Profil til all dokumentasjon rundt pasientane, og turnusprogrammet Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
- Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vise fagleg engasjement
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke)
- Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar sone 2, 95 94 73 61, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4958767702
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025