Sjukepleiar – 100% fast

  • Heltid
  • VINJE, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 3. mai 2025

Sjukeheimen, Vinje kommune

Ynskjer du å vera ein del av framtidas eldreomsorg? Me søkjer etter ein dedikert og ansvarsbevisst sjukepleiar som vil vera med på å utvikle dagens og framtidas sjukeheimsteneste til bebuarane våre på Vinje sjukeheim. 

Er du ein person som likar varierte oppgåver og har lyst til å jobbe på sjukeheim, håpar me du søkjer hjå oss!

Sjukeheimen består av:

  • Korttid/rehabilitering: 9 plassar, der 2 av plassane er KAD-plassar 
  • Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper
  • Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar

Vinje sjukeheim ynskjer å ha større fokus på å ivareta kvar enkelt bebuar sine interesser og behov. Me er opptatt av å ivareta pårørande som ein viktig ressurs for bebuarane, og deltek for tida i eit prosjekt knytt til heilskapleg pårørandestøtte. Som sjukepleiar hjå oss er du ein del av eit tverrfagleg team, som saman jobbar mot det beste for kvar enkelt bebuar.

Frå januar 2025 nyttar me årsturnus, slik at du som tilsett har større moglegheit til å påverke din eigen turnus, og for å planleggje fritida for heile året. 

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiaroppgåver, både admisistrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar
  • Veilede og gje opplæring til kollegarer, bebuarar og deira pårørande
  • Oppfylging av KAD-plassar, som er kommunale ø-hjelpsplassar
  • Samtaler og tett kontakt med pårørande
  • Dokumentasjon – tiltaksplanar og oppfylging
  • Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Har du vidareutdanning innanfor geriatri, demens eller palliasjon er dette ein fordel, men dette er ikkje eit krav
  • Gode norskferdigheiter,  både munnleg og skriftleg
  • Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar)

Personlege eigenskapar

  • Du har eit smil på lur, ein dose humor og ei vilje til å sjå moglegheiter framfor begrensingar
  • Du har fagleg fokus og eit stort hjarte for eldreomsorg
  • Du er fleksibel, engasjert og klar for ein spanande jobb
  • Du trivst med ansvar og er trygg på deg sjølv – både som menneskje, sjukepleiar og kollega
  • Du jobbar sjølvstendig, men trivst også i team
  • Du har god gjennomføringsevne, er fleksibel og endringsvillig
  • Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing. Me oppmodar nyutdanna til å søkje.

Vi tilbyr

  • Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar som har fagleg fokus på pasientane og som yter det lille ekstra
  • ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema
  • Det blir gjeve støtte til utdanning innanfor demensomsorg
  • Dersom du ikkje ynskjer fast stilling er du velkomen til å søkje likevel, me har også behov for tilkallingsvikarar
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Torhild Fjellestad, Avdelingsleiar korttidsavdelinga, 91 52 47 87, torhild.fjellestad@vinje.kommune.no
Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 212
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4947166596
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2025
Søknadsfrist: 04.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted