Serviceteknikar

Vestland tannhelseteneste

Vestland tannhelseteneste har ledig to heile stillingar som serviceteknikarar.

Vi søkjer etter ivrige, sjølvstendige, innsatsvillige og dyktige teknikarar som kan bidra til at Vestland tannhelseteneste når målet om å levere tann- og munnhelsetenester av høg kvalitet til innbyggjarane i heile Vestland fylke.

Arbeidsoppgåver

Som teknikar vil du jobbe mykje på fleire av våre 54 tannklinikkar rundt om i fylket. Du vil òg gjere reparasjonar og arbeid som dukkar opp på vår nye og moderne verkstad på Melkeplassen Bergen. Verkstaden på Melkeplassen vil også vere din kontorstad.

Som serviceteknikar har du ansvar for service, montering, feilsøking og reparasjon på, mellom anna behandlingsstolar, autoklavar, kompressorar, sugemotorar og røntgenutstyr.

Kvardagen som serviceteknikar er varierande. Du vil få oppgåver som du må løyse aleine og oppgåver som du må samarbeide med våre andre teknikarar om. Ved behov for opplæring på dentalteknisk utstyr, vil du få det – både av dine gode kollegaer og av leverandørane av det dentale utstyret.

Du vil få ein spanande kvardag der du møter mange folk som set pris på det arbeidet du gjer på tannklinikken. Du styrer arbeidsdagen din sjølv, saman med dei andre tilsette på vår tekniske avdeling. I og med at det er lange avstandar i Vestland fylke, disponerer du ein eigen bil som du bruker i arbeidet ditt.
Det er venta at du jobbar systematisk og er flink til å planlegge dagane dine som teknikar i Vestland tannhelseteneste.

Kvalifikasjonar

Det er eit minstekrav at du har fagbrev som dataelektronikar (serviceelektronikar), har ein bachelorgrad eller toårig fagskule innan elektronikk eller utdanning som gir tilsvarande relevant elektrokompetanse. Det er ein fordel om du har godkjenning til å reparere elektromedisinsk utstyr. Om du ikkje har det, må du vere villig til å få denne kompetansen. Det er ein føresetnad at du har førarkort klasse B og at du beherskar norsk.

Personlege eigenskapar

Det er viktig at du trivast med høg grad av sjølvstende, at du er nøyaktig og har ønskje om å ta ansvar i jobben. Du må kunne handtere at jobbkvardagen kan vere  hektisk. Det er også viktig at du er flink til å samarbeide med dei tilsette på klinikkane våre. Sjølv om jobben handlar mest om montering, service og reparasjon, er det viktig at du kan utføre administrative oppgåver som dokumentering og skriftleg oppfølging.

Vi tilbyr

Ein serviceteknikar hos oss blir ein del av ein stab som har hovudfokus på å utvikle den offentlege tannhelsetenesta i Vestland. I tillegg til verkstaden på Melkeplassen, vil du få kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum. Vi kan tilby løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

Kontaktinformasjon

Jens Harald Garden, Koordinator teknisk, 95290367
Witold Stanislaw Osuch, Serviceteknikar, 95229091

Arbeidsstad

Monrad Mjeldes vei 9
5161 Laksevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4969006009
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted