Høgskulen i Volda
Om stillinga
Høgskulen i Volda har ledig ei 100 % fast stilling i studieadministrasjonen som seniorrådgivar. Studieadministrasjonen har ca. 30 medarbeidarar, og har eit godt fagmiljø med ansvar for eit breitt arbeidsfelt. Studieadministrasjonen har eit pågåande arbeid med tilpassing av arbeidsprosessar og ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
Du må ha master innan juridisk eller anna relevant fagområde, og ha lang og relevant erfaring frå sakshandsaming og rådgjeving i offentleg forvaltning.
Vi vil i tillegg legge vekt på at du har/er;
- gode analytiske eigenskapar og evne til å tenke strategisk og framtidsretta
- gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg, og kunne formidle kompliserte saker på ein strukturert og oversiktleg måte
- ein pådrivar med gode samarbeidsevner
- løysingsorientert og serviceinnstilt
Du bør kunne skrive godt på begge målformer og ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer deg som kan handsame komplekse saker, rådgje og støtte alle fagområde i Studieadministrasjonen i relevante faglege spørsmål. Det kan vere arbeid i samband med ulike
nemnder og utval, studentklagesaker, samt ha ansvar for utvikling og styrking av kunnskap og arbeidsprosessar for Studieadministrasjonen si saksbehandling knytt til relevant lov- og regelverk.
Du vil jobbe tett med studiedirektør og andre medarbeidarar i Studieadministrasjonen, i tillegg til god dialog med dei ulike fagavdelingane ved høgskulen. Arbeidsoppgåvene i stillinga kan verte endra.
Vi tilbyr
Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling. Vi har eit Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer og tilsettegoder som mellom anna moglegheit for trening i arbeidstida
Som tilsett i staten har ein gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse.
Lønn og vilkår
Stillinga som seniorrådgivar, stillingskode 1364 er normalt plassert frå kr. 672 221 – kr. 850 000,-
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte konstituert studiedirektør Håkon Bø, hbo@hivolda.no / tlf. 45 28 94 03.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc