Miljødirektoratet
Om stillinga
Vi søkjer etter ein dyktig medarbeidar som skal drive vidareutviklinga av beredskapsarbeidet til direktoratet. Beredskapsarbeidet vårt spenner frå interne krisescenario til naturhendingar i Noreg der Miljødirektoratet har ei rolle i krisehandteringa.
Ansvarsoppgåvene i stillinga inneber mellom anna å revidere og utvikle beredskapsplanverket og rammeverket vårt for førebyggjande tryggleik. Du vil òg få ansvaret for internkontroll innanfor beredskapsområdet. Dette arbeidet inkluderer å oppdatere, utvikle og innføre nye rutinar i direktoratet. I Miljødirektoratet øver vi for å bli betre, og du vil ha ei nøkkelrolle i å planleggje, koordinere, gjennomføre og evaluere øvingar som ein del av kompetansebyggjande tiltak.
Stillinga ligg i seksjon for tryggleik og beredskap, som er organisert i organisasjons- og digitaliseringsavdelinga. Du vil jobbe tett med relevante miljø i eiga avdeling og med fagavdelingane direktoratet. Seksjonen har eit heilskapleg ansvar for informasjonstryggleik, IT-tryggleik/cyber-tryggleik, personvern/GDPR, personelltryggleik og fysisk tryggleik.
Seksjonen har medarbeidarar både på Helsfyr i Oslo og Brattøra i Trondheim. Denne stillinga har kontorstad i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- styrkje beredskap og tryggleik ved å utvikle og implementere planverk
- fremje ein proaktiv tryggingskultur
- effektivisere og utvikle arbeidsprosessar for beredskap og fysisk tryggleik
- bidra til samarbeid internt og med eksterne partnarar, og leie beredskapsteamet gjennom målretta øvingar
- vidareutvikle krisestøtteverktøyet Rayvn
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning på masternivå innan tryggleik, beredskap eller IT. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring frå tryggleiks- og beredskapsarbeid
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- erfaring med digitale krisestøtteverktøy (gjerne Rayvn) vil vektleggjast
- erfaring med utvikling og vedlikehald av styringssystem og internkontroll vil vektast positivt
- kjennskap til relevante standardar og rammeverk, som NSMs grunnprinsipp, sikkerheitslova og leiingssystem for informasjonstryggleik etter ISO27001
Særskilde krav:
- Søkjarar til denne stillinga må tilfredsstille krava til tryggleiksklarering HEMMELEG.
Eigenskapar
- du har god gjennomføringsevne og tek ansvar for eigne leveransar
- du har gode relasjonelle evner og samarbeider godt på tvers
- du er initiativrik og har gode kommunikasjonseigenskapar
- du jobbar strukturert og systematisk
- du har god rolleforståing og evnar å sjå heilskap og samanhengar
Personleg eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- fast stilling som seniorrådgivar med lønn i lønnsspennet frå kr. 700 000 – 940 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast noko høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode høve for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Svein Gustad, tlf. 95 18 77 17 eller e-post svein.gustad@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 94-2025 OSB når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.