Seniorkonsulent for opptak i Studieadministrasjonen st. nr. 15/2025

  • Heltid
  • VOLDA, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 22. april 2025

Høgskulen i Volda

Om stillinga

Høgskulen i Volda søkjer etter vikar for seniorkonsulent for arbeidet med opptaket av nye studentar. Opptaket er sentralisert i Studieadministrasjonen, men har tett samarbeid med avdelingane. Det er om lag 4 årsverk knytt til opptaket.  Stillinga er knytt til Studieadministrasjonen og er eit 100 % vikariat i perioden 01.06.25-31.05.26, men med høve til oppstart tidlegare om det er mogleg. 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bachelor-, mastergrad eller tilsvarande
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk – munnleg og skriftleg
  • God IT- og systemforståing
  • Det er ein fordel med relevant praksis og kjennskap til universitets- eller høgskulesystemet, Fellesstudentsystem, Public 360 og opptaksarbeid frå tidlegare

Personlege eigenskapar:

  • Gode evner til samarbeid, fleksibilitet og kommunikasjon
  • Initiativrik, kreativ, utviklings- og løysingsorientert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og nøyaktig

Ved vurdering av søkjaren vil dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga bli tillagde stor vekt.

Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Søkjarar kan verte kalla inn til intervju. 

Arbeidsoppgåver

Stillinga omfattar følgjande arbeidsområde:

  • Saksbehandling
  • Rettleiing av søkarar og svare på henvendelsar knytt til opptaket
  • Effektivisering og vidareutvikling
  • Informasjonsformidling og oppdatering av nettsida
  • Utgreiing/førebuing av saker for nemnd for studentsaker knytt til opptaket 
  • Opplæring av ferievikar, utarbeiding av rutinar, retningslinjer og hjelpemiddel
  • Sikre at HVO følgjer lover og forskrifter, bistå inn i høyringssvar knytt til opptak

Arbeidsoppgåvene kan verte endra. Stillinga har studiedirektøren som personalleiar.

Vi tilbyr

Vi kan tilby: 
• Eit spanande arbeidsmiljø med stor breidde, med høve til fagleg og personleg utvikling
• Ei stilling som gir høve til å vere med å utvikle nye system og arbeidsmåtar i tett samarbeid med resten av teamet 
• Gode pensjonsordningar. 

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: Seniorkonsulent 1363 frå kr. 570 000,- – 632 174.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte konstituert studiedirektør Håkon Bø, hbo@hivolda.no/ tlf. 45 28 94 03.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

 

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted