Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (100 %) frå og med 1. oktober 2025 til og med 30. september 2026 med mogelegheit for forlenging. Stillinga inngår i instituttet sin studieadministrasjon og vil ha hovudansvar for administrativ og praktisk tilrettelegging av masterprogrammet i biomedisin, samt arbeidsoppgåver retta mot praktisk undervisning av instituttet og fakultetet sine studentar.
Stillinga passar særs bra for deg som er fleksibel, liker variasjon, og tek ei utfordring på strak arm. Du må arbeide nøyaktig og effektivt, halde hovudet kaldt i hektiske periodar og bidra til det faglege og sosiale fellesskapet.
Institutt for biomedisin er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet og har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervising på høgt internasjonalt nivå for å oppnå fakultetet sin visjon «ny kunnskap for betre helse». Instituttet gjer det meste av forskinga si på biologiske mekanismar innan mennesket si helse og sjukdom, og har viktige oppgåver både i legeutdanninga, mastergradsutdanning og ph.d.-utdanning innan medisin, farmasi, ernæring og odontologi.
Instituttadministrasjonen gjev den faglege verksemda teknisk og administrativ støtte og har mellom anna ansvar for studieadministrasjon, forskingsadministrasjon, økonomiforvalting, prosjektstyring, personal, HMS og infrastruktur. Gruppeleiar for studieadministrasjon er arbeidsleiar og administrasjonssjefen personalleiar for stillinga.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
- Administrasjon av masterprogrammet i biomedisin, inkludert:
- Opptak av nasjonale og internasjonale studentar
- Mottak, rettleiing og oppfølging av masterstudentar
- Timeplanlegging og eksamensarbeid
- Kvalitetsutvikling og oppfølging av emne og studieplanar
- Kontakt med fakultetet si nettverksgruppe for masterprogram
- Rutineutvikling og kvalitetssikring
I tillegg kommer:
- teknisk tilrettelegging og assistanse ved laboratoriekurs i anatomi (makro og mikro), kjemi/biokjemi/molekylærbiologi og fysiologi
- oppgåver knytt til undervisning i anatomi vil innebere deltaking i arbeid med lekamdonasjonsordninga ved Universitetet i Bergen, kontakt med helseinstitusjonar, begravingsbyrå og pårørande, samt preparering av humant materiale (balsamering) og andre oppgåver innan makroanatomi
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha mastergrad innan eitt av instituttet sine fagområde (biomedisin, molekylærbiologi, fysiologi, cellebiologi, kjemi eller tilsvarande). Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring frå formidling og studieadministrativt arbeid er ønskjeleg
- Kjennskap til relevante system som FS, Canvas, MittUiB, Inspera, Elements og TP er ein fordel
- Svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk er eit krav
- God digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Vi søkjer ein person som
- har interesse for å støtte opp under forsking og undervisning og er serviceinnstilt og imøtekommande
- arbeider sjølvstendig og har god ordenssans
- har evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på fleire parallelle prosessar og aktivitetar
- er effektiv, fleksibel og ansvarsbevisst
- set seg raskt inn i nye saksfelt og har evne til problemløysing
- har god gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- ønskjer å bidra til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 590 000 – 635 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Astrid Pettersen, e-post: astrid.pettersen@uib.no, tlf. 55 58 64 44, eller administrasjonssjef Anita H. Garden, e-post: anita.garden@uib.no, tlf. 55 58 96 76
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.