Seksjonssjef Anskaffelser

  • Heltid
  • MOLDE, NORGE
  • 6. januar 2026

Om stillinga

Kontrakt og marknad har i dag 32 medarbeidarar fordelte på fire fagteam. Frå 1. januar 2026 vil avdelinga vere organisert som tre seksjonar (Anskaffingar, Kontrakt og HMS- og berekraft) i tillegg til eit prosjektutviklingsteam under avdelingsdirektøren. Stillinga vil organisatorisk liggje til seksjon HMS og bærekraft Utbygging og kontorstad vil vera Bergen eller Molde.

Avdelinga har mellom anna ansvar for å utvikle konkurransegrunnlag, kontraktar og ulike typar rammeverk og støttande dokument som handbøker, rettleiingar og andre hjelpedokument for divisjonen. I tillegg driv Kontrakt og marknad kompetanseutvikling i divisjonen innan avdelinga sine fagområde.

Arbeidsoppgåver

Som seksjonssjef Anskaffelser vil arbeidsoppgåvene dine vere dagleg leiing av seksjonen, inkludert personal- og resultatansvar for 10 medarbeidarar. Du skal legge til rette for utvikling av kompetanse og kapasitet innanfor seksjonen og avdelinga sitt arbeidsområde, og sørge for både personleg og fagleg utvikling for dine medarbeidarar.

  • Ansvar for strategisk og operativt arbeid med anskaffingar i store utbyggingsprosjekt
  • Rettleiing av medarbeidarar som bistår prosjekta med:
    • kvalitetssikring av konkurransegrunnlag
    • forhandlingar med leverandørar og entreprenørar
    • tilbodsevaluering
  • Medverke til standardisering og forbetring av anskaffingsprosessar og anskaffingsstrategiar
  • Vere ein fagleg sparringspartnar for prosjekta, seksjonen sine medarbeidarar og leiinga
  • Delta i leiarteamet og bidra til heilskapleg styring av avdelinga

Leiing i Statens vegvesen

Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap: 

  • Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg. 
  • Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
  • Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter. 

Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon. 

Kvifor skal du velje oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss. 

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som har 

  • leiarerfaring
  • relevant høgare utdanning (juridisk, økonomisk eller teknisk)

Erfaring med personalleiing, samt solid erfaring og forståing med anskaffingar, fortrinnsvis offentlege anskaffelser, kontraktsarbeid og forhandlingar vil bli tillagt stor vekt.

Personlege eigenskapar

  • Du er nysgjerrig, ambisiøs og vert motivert av å utvikle menneske og fagmiljø
  • Du er strukturert, løysingsorientert og trygg i leiarrolla
  • Du har strategisk blikk og evne til å tenkje heilskapleg
  • Da har sterke kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert omsetjing av dine dokument og godkjenning frå HKDIR (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Som tilsett i Statens vegvesen er det viktig at du er sikkerhetsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finner den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted