Seksjonsleiar ved kortidsseksjonen

  • Heltid
  • VOLDA, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 7. august 2025

Volda kommune, Institusjonsteneste

Seksjonsleiaren vår har takka ja til nye utfordringar, og vi søkjer difor deg som vil leie den spennande og mangfaldige korttidsseksjonen ved Volda omsorgssenter.

Korttidseksjonen er Volda kommune sitt pulserande knutepunkt for heilskapleg pasientbehandling. Tilbodet omfattar både ordinære korttidsplassar og øyeblikkeleg hjelp innan somatikk og psykiatri. Vi har eit breitt fagmiljø, og har tett samarbeid med fysio- og ergoterapeutar, lege, heimetenester, sjukehus og forvaltingskontor.
Du vil spele ei sentral rolle i utviklinga av nye sjukepleieteam, og kombinere leiing og administrative oppgåver med direkte tenesteyting. Dette er ei stilling for deg som brenn for høg kvalitet i tenestene, trivast i dialog med ulike faggrupper – og likar å tenke både drift og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar for drifta i seksjonen
  • Dagleg ansvar for personale 
  • Medansvar for budsjett og økonomi
  • Medansvar for utvikling- og endringsprosessar
  • Vere ein tydeleg leiar som kan stå i utfordringar og som legg godt til rette for eit godt samarbeidsklima, medverknad og innovative løysingar
  • Fagansvar for seksjonen, sjå til at tenestene har god fagleg kvalitet
  • Delta i den interne leiargruppa som består av avdelingsleiar og seksjonsleiarar i institusjonstenesta

Volda kommune har starta arbeidet med å etablere heiltidskultur og er i tillegg deltakar i det nasjonale Tørn nettverket. Som seksjonsleiar er det forventa at du inntek ei aktiv rolle i dette arbeidet. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan leiing. Du må oppgi  HPR -nr i søknaden
  • Det er ønskeleg med erfaring innan leiing  og / eller kvalitetsutvikling
  • Erfaring med endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Det er ein fordel med erfaring frå kommunal helseteneste, og at ein har god oversikt over krava stilt til kommunale helse – og omsorgstenester generelt og seksjonen sine fagområde
  • Evne til å jobbe systematisk og målretta med god framdrift
  • Det skal leggast fram politiattest før oppstart i stillinga
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica

Personlege eigenskapar

  • Du er tydeleg som leiar, og du både støttar, utfordrar og stiller forventningar til dine medarbeidarar
  • Du er opptatt av kommunikasjon og har evne til å inspirere og motivere dine medarbeidarar
  • Du er sjølvstendig i ditt arbeid, har god arbeidskapasitet og har evne til å prioritere mellom ulike arbeidsoppgåver
  • Du er ein synleg leiar med gode relasjonelle ferdigheiter og har evne til å utvikle fellesskap og gode team
  • Du er strukturert og har god systemforståing, samt ferdigheiter innan data- / fagprogram 
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er ein god lagspelar
  • Du må kunne identifisere deg med verdiane i Volda kommune: RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE

Vi tilbyr

  • Ei spanande, krevjande og interessant stilling
  • Leiaropplæring-/oppfylging
  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fokuspå relevant kompetanseutvikling, og høve til vidareutdanning
  • Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
  • Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjonstenester , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4987166608
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted