Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga
Miljøavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland søkjer ein engasjert leiar for forureiningsseksjonen. Vi er styresmakt for ulike avfalls- og industribransjar, der vi gjennomfører sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova. Det er for tida 15 tilsette på forureiningsseksjonen, fordelt på kontora våre i Leikanger og Bergen. Seksjonsleiaren inngår i leiargruppa ved miljøavdelinga, saman med miljødirektøren og seksjonsleiar for naturmangfald. Seksjonsleiaren skal leggje til rette for at kollegaene har gode rammer, slik at vi saman når måla våre. Du må rekne med ein del reiseaktivitet, og du må dermed ha førarkort. Stillinga har kontorstad Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar for forureiningsseksjonen
- Prioritere arbeidsoppgåvene og koordinere faggruppene
- Godkjenne og kvalitetssikre saker
- Utvikle seksjonen og leggje til rette for eit godt samarbeid internt i seksjonen, miljøavdelinga og på tvers av avdelingane
- Kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar
- Rettleiing om miljøregelverket til offentlege og private aktørar
Kvalifikasjonar
- Relevant masterutdanning frå høgskule eller universitet. I særskilte tilfelle kan lang og relevant praksis kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring frå offentleg miljøforvaltning
- Kjennskap til fagområda
- Leiarerfaring
- Høg fagleg og personleg integritet
- God skriftleg formuleringsevne på nynorsk
- Evne til å handtere media
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og tilgjengeleg, med evne til å skape tillit internt og overfor samarbeidspartnarar.
- Evne til å motivere for å spele kollegaene på seksjonen gode og involvere medarbeidarar for å utvikle arbeidsoppgåvene.
- Evne til å prioritere oppgåver og medverke til effektiv drift.
- Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og strategisk tenking.
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringskraft
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om positiv særbehandling hos Arbeidsgivarportalen.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1211 seksjonssjef ut frå kvalifikasjonar og lokal lønspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.