Nordplan As Avd Nordfjord
Vil du leie og utvikle eit sterkt fagmiljø innan bygg og eigedom? Nordplan er i stor vekst, og vi treng ein seksjonsleiar for bygg og eigedom som kan løfte både folka, prosjekta og kundane våre vidare.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som både har strategisk blikk og er tett på kvardagen. Du er tydeleg, løysingsorientert og evnar å skape engasjement rundt deg.
Du kommuniserer godt med både kollegaer og kundar, og du likar å bygge relasjonar som varer. Å utvikle din fagseksjon og folk er noko du trivst med, og som motiverer deg. Som fagansvarleg er du oppdatert på lover, forskrifter og standardar, og du blir eit synleg ansikt for seksjonen, både internt og ut i marknaden. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
-
Høgare utdanning innan bygg, eigedom eller andre relaterte fagområde
-
Erfaring med prosjektering, oppdragsleiing og rådgjeving frå bransjen
-
Kjennskap til KS-system og kvalitetssikring
-
Erfaring og interesse for å bidra i tilbod- og anbodsprosessar
-
God marknads- og forretningsforståing
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Arbeidsoppgaver
Nordplan sine fagseksjonar er nasjonale forretningsområde. Som seksjonsleiar får du ansvar for å leie og utvikle fagområdet Bygg og Eigedom. Du vil ha ansvar for prosjekterande kollegaer innan konstruksjonsteknikk, brannkonseptutvikling, bygningsfysikk og geoteknikk. Du rapporterer til dagleg leiar og blir ein del av både leiargruppa og marknadsteamet. I Nordplan samhandlar vi om å løyse oppgåvene på tvers av seksjonar og regionar. Ansvarsområda dine vil mellom anna omfatte:
-
Forretningsutvikling for seksjonen.
-
Tilbod- og anbodsarbeid.
-
Utvikling av seksjonen sin kapasitet og kompetanseprofil.
-
Overordna ansvar for seksjonen sine KS- og CV-system.
-
Ressurs- og kompetanseallokering på prosjekt.
-
Resultatansvar for fagseksjonen.
-
Oppfølging av seksjonen si prosjektportefølje.
-
Utøve fakturerbar oppdragsleiing og prosjektarbeid tilpassa stillinga sine øvrige oppgåver.
-
Bidra i rekrutteringstiltak for seksjonen.
Denne stillinga kan vere tilknytt eitt av våre mange kontor.
Vi tilbyr
-
Ei leiarstilling med stor påverkingskraft og moglegheit til å utvikle seksjonen vidare.
-
Moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling, spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke folk rundt deg.
-
Arbeidstid som gir rom for balanse mellom prosjektmål og privatliv.
-
Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med varierte og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om her.
-
Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
-
Du får moglegheit for eigarskap i selskapet.
-
Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet ved sine respektive kontor.
-
Du får fleksibilitet til å velje arbeidsstaden din. Uansett kvar du vil jobbe frå finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Florø, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Oslo, Bergen og Reykjavik.