Ringevikarar – Sagstad skule

  • Deltid
  • FREKHAUG, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 2. september 2026

Om stillinga

Sagstad skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.

Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Sagstad skule er ein barneskule som ligg nær Frekhaug senter, på søre del av Holsnøy i Alver kommune, med god kollektivtransport til og frå Bergen. Skulen har 468 elevar fordelt på 24 klassar, og eit personale på om lag 70 tilsette. Me har eit stort fokus på inkluderande læringsmiljø og trivsel for både elevar og tilsette.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.

Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted