Alver kommune
Om stillinga
Ostereidet barneskule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.
Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.
Ostereidet barneskule har i dag 95 elevar frå 1. – 7. klasse og 17 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen er organisert i team, eitt for kvart hovudsteg. Skulen tek del i DEKOMP-satsinga " Språk, lesing og skriving" Skulen ligg elles fint til i nærleik til naturen, samt med kort veg til idrettsanlegg og basseng.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.
For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.
Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.
Vi tilbyr
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.