Ringevikarar – Knarvik barneskule

  • Deltid
  • ISDALSTØ, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 4. september 2026

Om stillinga

Knarvik barneskule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.

Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Knarvik Barneskule ligger flott plassert på en utsiktstomt i sentrum av Knarvik. Skulebygget inneheld også areal for Læringssenteret og fleirbrukshallen Knarvik Arena.

Skulen har positivt skulemiljø og lesing som satsingsområde.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.

Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.