Åheim, Tokke kommune
Me treng fleire vikarar – er du den me leitar etter?
Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.
Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.
Arbeidsoppgåver
– Utføre praktisk bistand og målretta miljøarbeid i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
– Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar
– Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler
– Dokumentere i journalsystem
Kvalifikasjonar
– Blid, positiv og omsorg for andre
– Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk
– Serviceinnstilt og fleksibel
– Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar
– Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
– Bidra til at eininga når sine målsettingar
– Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
– Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
– Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar
– Fleksibel og løysningsorientert
– Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert
– Kan ivareta menneske og deira behov
– Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoral
Vi tilbyr
– Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer
– Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver
– God opplæring
– Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
– Gode kommunale arbeidsvilkår
– Løn etter avtale
– Gode pensjonsordningar i KLP
– Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad!
Kontaktinformasjon
May Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 48297251
Arbeidsstad
Ivirovegen 13
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5049432244
Søknadsfrist: 21.12.2025