RESEPSJONS- OG BOOKINGMEDARBEIDER

  • Heltid
  • FLÅM, NORGE
  • Publisert: 4 uker siden
  • 30. juli 2025

Flåmsbrygga Hotell As

Kan du tenke deg ein ny og spanande kvardag? Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga — eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet med hotell, bryggeripub, kafè og restaurant. No har DU sjansen til å verte del av vårt dyktige team i resepsjon- og bookingavdelinga som spelar ei sentral rolle i den daglege drifta til Flåmsbrygga.

Vi søker deg som:

  • Har erfaring frå serviceyrket — helst frå hotell / resepsjon. Du har gjerne også erfaring med bookingsystem som Hotsoft, CityBreak og BookVisit.

  • Trivst i eit hektisk miljø

  • Er fleksibel, arbeidsam og strukturert

  • Har gode evner til å kommunisere

  • Pratar og skriv eit skandinavisk språk i tillegg til engelsk.

Din personlegheit reflekterer følgande:

  • Utadvendt, entusiastisk og godt humør

  • Ung til sinns

  • Uformell og audmjuk — men profesjonell

  • Arbeidar godt individuelt — men er ein lagspelar

  • Serviceinnstilt med ei "ja, det fiksar vi!"-innstilling

  • Likar mennesker og vil gi det "lille ekstra" for at gjestene skal trivast best mogleg hjå oss

Som Resepsjon- og bookingmedarbeidar vil du ha følgande arbeidsoppgåver:

  • Inn- og utsjekk

  • Betene sentralbord for heile Flåmsbrygga

  • Sal og meirsal

  • Gjesteservice

  • Skreddarsy hotellopphald og pakkar for individuelle gjester samt arrangement for grupper

  • Booking av hotellopphald, arrangement, aktivitetar og bordreservasjonar for individuelle gjester og grupper via e-post og telefon.

  • Klargjering av møterom og teknisk utstyr, samt ivareta møtevert-funksjonen for møtegrupper.

  • Ivareta resepsjonen sin funksjon som hjarta i bedrifta

  • Fakturering

  • Forefallande arbeid

Tiltredelse etter avtale og grundig opplæring. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke.

Jobbsted