Opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune
Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og vil utvikle profesjonsfellesskapet i skulen? Vil du setje retning og bidra med å utvikle ein framtidsretta vidaregåande skule i Bergen vest?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor til Olsvikåsen vidaregåande skule. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Skulen har om lag 550 elevar og tilbyr programområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande, og kunst, design og arkitektur. I tillegg til tilbodet i helse- og oppvekstfag med ordinært opplæringstilbod, er det tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har skulen tilbod om kvardagslivstrening og arbeidstrening. Olsvikåsen videregående skole er plassert sentralt i Bergen vest, med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vekt på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og siktar seg heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
- Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
- Vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team
- Leie strategi- og utviklingsprosessar
- Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
- Personalleiing
- Utvikle samhandling med rettleiingstenesta
- Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
- Økonomistyring
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”.
Det er ønskjeleg at du:
- set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
- har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
- har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
- markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
- har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
- byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
- opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Personlege eigenskapar
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du:
- er open, nytenkjande og tillitsskapande
- arbeider målretta, systematisk og løysingsforkusert
- har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
- har gode samarbeidsevner og er sosial og inkluderande
Vi tilbyr
- givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
- deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Odd Bjarne Hammersvik Berdal, områdeleiar, 99233975, odd.bjarne.hammersvik.berdal@vlfk.no
Arbeidsstad
Olsvikåsen 152
5183 Olsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4996311120
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2025