Rekrutteringsstilling for deg som er eller blir vernepleierstudent

  • Heltid
  • TREUNGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 16. august 2025

Avdeling for habilitering, Nissedal kommune

Studerer du – eller skal du begynne å studere vernepleie? Då bør du verkeleg sjekke ut dette!

Vi har ledige rekrutteringsstillingar for vernepleiestudentar – ei unik moglegheit til å kombinere studiar med relevant arbeid og fast inntekt gjennom heile studietida.

Fleksibelt og tilpassa deg:

  • Stillinga er 100 %, men kan delast mellom fleire studentar
  • Du vel sjølv stillingsstorleik – til dømes 50 % stilling og jobbe 30 %
  • Du jobbar når du har moglegheit, som i helger og feriar
  • Du får ei stabil inntekt gjennom studiet

Etter endt utdanning er det 2 års bindingstid til kommunen – noko som gir deg tryggleik og ein god start på yrkeslivet.

Kort om Kåsa bu- og avlasting:

Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder,  og i hjelpebehovet.

Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet.

Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.

Arbeidsoppgåver

  • Medikamenthandtering
  • Fremme målretta metodisk miljøarbeid, samt delta i bebuaranes daglege aktivitetar og gjeremål
  • Koordinere tenester og samarbeide tverrfagleg
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer
  • Handtere uførutsette situasjonar på fagleg og etisk forsvarleg måte
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver
  • Jamleg samarbeid med pårørande
  • Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiarstudent
  • Må kunne beherske digitale verktøy.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B, manuell.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.

Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Du har god samarbeidsvilje
  • Du tilpassar deg og er open for endringar
  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du har positiv innstilling og haldning
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Du får rettleiing og oppfølging frå studie- og utdanningssenteret i Nissedal
  • Du kan bruke studiesenteret fritt til å følgje undervisning og studere 
  • Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring.
  • Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen turnus. Du kan velje mellom langvakter med arbeid kvar 6. helg, ordinære vakter kvar 3. helg, eller ein kombinasjon av desse.
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
  • Lønn etter tariff, med ein inngangsansiennitet på 10 år.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • Du får avsett tid i turnus til administrative oppgåver.
  • Regelmessige fagmøter rundt den enkelte brukar er fastsett i turnus.

Ved ferdig utdanning: Vernepleiartillegg på kr 70 000, mot ei bindingstid på 2 år. Tillegget vidareførast kvart 2. år dersom tilsett held fram i stillinga.

Anna:
Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med eit ev. intervju.

Kontaktinformasjon

Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18

Arbeidsstad

Treungvegen 505
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 4994098302
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025