Reinhaldsoperatør

  • Deltid
  • AURLAND, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 27. august 2025

EIU - Reinhald - Region nord, Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.
Eigedom og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedom og utbyggingsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler. Vi har ledig ein fast 80 – 100% stilling som reinhaldar frå  01.10.2025 i region Nord, for tida med oppmøte ved Sogn hage- og jordbruksskule. Den som blir tilsett må pårekne arbeid kvar dag måndag til fredag.

Sogn hage- og jordbruksskule er ein vidaregåande skule som ligg i Aurland, den har elever frå heile landet. Skulen undervising i økologisk landbruk og ligg på den gamle prestegarden Aurdal i Aurland kommune, der det har budd og arbeidd folk i uminnelege tider.

Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget.

Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre reinhald iht reinhaldsplan i CleanPilot.
  • Rapportere til reinhaldsleiar.
  • Innmelde behov for reinhaldsmateriell.
  • Sjå til at maskiner og utstyr blir vedlikehaldne etter bruk
  • Bruk av CleanPilot til dokumentasjon for utført reinhald.
  • Arbeide i team.
  • Kontrollere eige arbeid via Insta 800.

 

 

 

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som reinhaldar.
  • Praktisk yrkeserfaring.
  • Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk.
  • God digital kompetanse.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.
  • Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen.
  • Fleksibel.
  • Kjennskap til databasert verktøy.
  • Like å jobbe blant ungdom.

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver.
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Gode pensjonsordningar.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.

Kontaktinformasjon

Kristina Gadlauska, Reinhaldsleiar, 99876522, kristina.gadlauska@vlfk.no
Hanne Hougaard Bisgaard, Områdeleiar, 95789400

Arbeidsstad

Skulevegen 24
5745 Aurland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5000583960
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 28.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted