Reinhaldar, vikariat sone Åmot

  • Heltid
  • VINJE, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 10. juni 2025

Reinhald og tekstil, Vinje kommune

Er du ein detaljorientert og påliteleg kollega som likar reinhald og sjå eit umiddelbart resultat av arbeidet du gjer?  Vil du bidra til eit reint og triveleg miljø for dei som brukar kommunale bygg? Då er du den me leitar etter!

Reinhald og tekstil søkjer reinhaldarar i vikariat, for tida i sone Åmot, i inntil 300 %. Delar av stillingane kan bli endra frå 01.10.2025. Vikariata kan bli forlenga ved behov.

Me yter reinhaldstenester til alle skular, barnehagar, sjukeheim, kontorarbeidsplassar m.m. Me held oss oppdatert med moderne reinhaldsutstyr. For å ivaretaka deg som tilsett, er me oppteken av god ergonomi; å tilpasse arbeidsutstyr og arbeidstilhøve for å styrke det fysiske arbeidsmiljøet og redusere arbeidsbelastning. Reinhaldsfaget er variert og gjev deg god fysisk aktivitet gjennom arbeidsdagen. 

Reinhaldsavdelinga er organisert i team. Me er opptekne av å hjelpe kvarandre for å gje gode tenester. 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg reinhald av t.d. wc, basseng, garderobar og dusjar (sanitæranlegg)
  • Dagleg reinhald av store flater og inventar 
  • Smittereinhald ved behov
  • Periodisk reinhald og hovudreingjering 
  • Utføre arbeidsoppgåver etter reinhaldsplanar
  • Samarbeid med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg
  • Påfyll av t.d. såpe- og papirdispenserar, handtering av restavfall m.m
  • Bruk av golvvaskemaskiner og reingjering/vedlikehald av desse
  • Setje deg inn i, og bruke kommunen sitt verktøy for internkontroll

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan fagområdet er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Erfaring innan fagområdet 
  • Fordel med reinhaldserfaring innan skule og barnehage
  • Fysisk god helse: kunne gå mykje i løpet av dagen, gå i trapper, bere/lyfte varer og utstyr.
  • Du må utføre arbeidsoppgåver etter god ergonomi 
  • Forstå og snakke godt norsk
  • Førarkort klasse B
  • Må kunne disponere eigen bil
  • Krav til politiattest 

Personlege eigenskapar

  • Gode haldningar og evne til å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar
  • Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team
  • Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov
  • Vere merksam på detaljar og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine

Me tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
  • Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen – ergonomisk og psykososialt
  • Løn etter KS tariff og lokal lønstabell
  • Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene
  • Gode barnehagetilbod 
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
  • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju 

Kontaktinformasjon

Signe Bjørg Solberg, Verksemdsleiar reinhald, +47 90010867

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4976346554
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.08.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 10.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted