Reinhaldar, Reinhaldsoperatør

  • Heltid
  • SOGNDAL, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 2. august 2025

ORO - Reinhald RN - Fylkesbygget Leikanger, Sogndal, Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har ca. 380 tilsette.
               
Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler. Vi har ledig fast 100% stilling som reinhaldar frå 1 oktober 2024 i region Nord, for tida med oppmøte ved Sogndal vidaregåande skule. Du må pårekna å måtte jobbe både dagtid og ettermiddag, samt reise mellom lokasjonane Sogndal vidaregåande, Vitemeir og Fylkesbygget på Leikanger ved behov.

Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev med kompetanse innan reinhaldsfaget, kan også vere aktuelle.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av Sogndal vidaregåande skule sine lokale både med og utan maskin
  • Reinhald i regionen ved behov

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som reinhaldar
  • Praktisk yrkeserfaring
  • Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
  • Fleksibel
  • Kjennskap til databasert verktøy
  • Like å jobbe blant ungdom

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Kontaktinformasjon

Kristina Gadlauska, Reinhaldsleiar, 99876522, Kristina.Gadlauska@vlfk.no
Hanne Hougaard Bisgaard, leiar, 95789400

Arbeidsstad

Lunnamyri 2
6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4983614414
Stillingsprosent: 50, 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted