Austrheim kommune
Om stillinga
Me har ledig ei 100 % fast stilling som reinhaldar i Austrheim kommune frå 11.08.2025.
Som reinhaldar i Austrheim kommune er du med på å påverke meir enn berre innemiljøet. Reinhald er ein viktig del av kvar arbeidsplass og har òg betydning for det ytre miljøet. Berekraftig reinhald i Austrheim kommune handlar om god hygiene, friske medarbeidarar, ein velfungerande arbeidsplass – og omsyn til naturen rundt oss.
Me søkjer deg som er eit utprega servicemenneske, som jobbar effektivt og har ein positiv innstilling. Har du kunnskap og interesse for reinhald? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Stillinga har tidlegare vore lyst ut og blir no utlyst på nytt for å sikre breiast mogleg kandidatgrunnlag.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene omfattar reinhald av eigedomane til kommunen
Kvalifikasjonskrav
- Meistrar norsk- munnleg og skriftleg
- Erfaring på reinhald
- Førarkort klasse B
-
Digital kompetanse: grunnleggande ferdigheiter i bruk av digitale verktøy, inkludert nettbrett (iPad), til dokumentasjon, kommunikasjon og informasjonsinnhenting i arbeidshverdagen
Ønskjeleg kompetanse:
- Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget
- Smittevernskurs
- NS-INSTA 800 kvalitetsnivå 2
Kven ser me etter?
Me ser etter ein som:
- trivst med å arbeide med menneske
- har ei positiv haldning og er lærevillig
- ser verdien av samarbeid og er løysingsorientert
- bidreg til eit godt og positivt arbeidsmiljø
- er fleksibel og tilpassingsdyktig
- arbeider effektivt og målretta
-
likar variert og fysisk arbeid
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- God pensjonsordning i KLP
- Gode kollegaer med godt humør
- Eit godt fagmiljø med høgt kompetansenivå
- Moglegheit til å opparbeide kompetanse
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling – både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Sletting av studielån for innbyggjarar i Austrheim kommune
Er du busett i Austrheim kommune og i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Oppteninga startar 1. januar 2025, noko som betyr at fyrste mogleg gjeldssletting vil vere 1. januar 2026. Lånet kan slettast med 25 000 kroner kvart år så lenge du er yrkesaktiv og bur i kommunen, til heile lånet er nedbetalt.
Ordninga gjeld for alle som er yrkesaktive og bur i éin av dei 189 kommunane som frå 1. januar 2025 er klassifiserte på sentralitetsnivå 5 eller 6, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette omfattar òg personar som flyttar til ein av desse kommunane etter denne datoen.
Tiltaket gjeld all type utdanningsgjeld, uavhengig av når lånet vart teke opp.
Kjelde: www.regjeringa.no
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg