Radiograf 

  • Heltid
  • HAUGESUND, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 30. august 2025

Radiologi Haugesund, Helse Fonna HF

Radiologisk avdeling i Haugesund søkjer etter radiograf til mammografi i 100% stilling, med tilsetjing snarast/etter avtale.

Radiografar med fagleg interesse for mammografi, og som ønskjer opplæring på mammografi kan også søke. Også muligheter for å rullere til andre modaliteter/jobbe turnus.

Radiologisk avdeling i Haugesund har røntgen, CT, MR, ultralyd, mammografi, intervensjonsradiologi og nukleærmedisin

Ring oss gjerne om du er radiograf og kunne tenke deg å bli kollegaen vår på radiologisk avdeling i Haugesund.

Kva går jobben ut på?

  • Dagstilling på Brystdiagnostisk senter 
  • Må vere villig til å rullere på andre modalitetar når det er lågproduksjon 
  • Vere med på mammografibussen
  • Kan kombineres med andre modaliteter/turnus

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Erfaring med klinisk mammografi og mammografiscreening blir føretrekt
  • Radiografer med fagleg interesse for mammografi og som ønskjer opplæring på mammografi kan også søke
  • Videreutdanning i fagområdet er ein fordel

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • er punktleg og påliteleg
  • greier å få fram det beste i dine kollegaer
  • har evne til å kunne prioritere, vere tydelig og ta avgjerdsler
  • kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Kvifor skal du velje oss?

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Kontaktinformasjon

Elin Hetland, Funksjonsleiar, +47 52732273, elin.hetland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4995860960
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted