Rådgjevar/seniorrådgjevar personvern og innkjøp

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 6 timer siden
  • 9. august 2025

NDLA - Vestland fylkeskommune

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er Noregs leiande produsent av digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring. Målet vårt er å medverke til eit meir ope og inkluderande kunnskapssamfunn der kunnskap er tilgjengeleg for alle. 

NDLA er eit oppgåvefelleskap mellom 14 fylkeskommunar. Vestland er vertskommune for selskapet og har oppretta ein NDLA-seksjon med seks tilsette for å ivareta administrasjon og leiing av selskapet. Dei øvrige medarbeidarane er tilsett i eit av dei samarbeidande fylka og innlånt til NDLA. 

Vi søker no etter ein rådgjevar for personvern og innkjøp.

Som rådgjevar hos NDLA får du ei nøkkelrolle i å sikre at vi følgjer lover og reglar innan personvern (GDPR) og offentlege innkjøp. Du skal bidra til å utvikle gode rutinar, dokumentasjon og system som gir tryggleik og oversikt – både for oppgåvefellesskapet og brukarane våre. 

Du blir ein viktig støttespelar for kollegaer og får jobbe tett med ulike fagmiljø og opp mot leilinga. 

 

Arbeidsoppgåver

Du vil jobbe med å

  • Sørgje for at vi følgjer GDPR og personvernreglane
  • Lage og oppdatere dokument som databehandlaravtalar og risikovurderingar
  • Rådgje kollegaer om personvern
  • Planleggje og gjennomføre innkjøp etter reglane for offentlege innkjøp
  • Utforme konkurransegrunnlag og kontraktar
  • Følgje opp leverandørar og avtaler
  • Leie mindre prosjekt knytt til personvern eller innkjøp

NDLA er ein mindre organisasjon der alle bidrar til å løyse felles oppgåver. Det kan bli aktuelt å bistå med oppgåver knytt til personalforvaltning, arkiv, saksførebuing, sekretariatsarbeid for styret og representantskap,  og gjennomføring av arrangement. Oppgåver vil avhenge av behov og kvalifikasjonar.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå, til dømes innan jus, offentleg administrasjon eller økonomi. Bachelorgrad saman med lang, relevant erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande mastergrad. I så fall vil stillinga får tittel spesialkonsulent. 
  • Erfaring med personvernarbeid og GDPR
  • Kjennskap til regelverket for offentlege innkjøp
  • God digital kompetanse og systemforståelse 

Personlege eigenskapar

Vi trur du passar godt hos oss dersom du

  • Er god til å samarbeide og finne løysingar
  • Likar å formidle fag på ein enkel og forståeleg måte
  • Du er open og nysgjerrig, har høg integritet og tek ansvar
  • Løyser dine oppgåver planmessig og systematisk 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

Å bli med på eit viktig og meiningsfullt oppdrag ved å utvikle og tilby læremiddel og tenester for elevar som skal ut i arbeidslivet. 

Ei spennande og variert stilling med dyktige og engasjerte kollegaer

Eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, både internt og i samarbeid med juridisk seksjon og innkjøpsseksjon i Vestland fylkeskommune

Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs og seminar.  

Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor

Løn og tittel etter kvalifikasjonar

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Høyrest dette ut som noko for deg? Send oss en søknad – vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, kan du kontakte administrasjonsleiar Kristin Rønn Finstad. 

 

Du finn meir informasjon om NDLA på www.ndla.no

Kontaktinformasjon

Kristin Rønn Finstad, Administrativ leiar, 41437970, kristin@ndla.no

Arbeidsstad

Vestre Strømkaien 13
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4993622636
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted