Rådgjevar med prosjektansvar

  • Heltid
  • AURLAND, NORGE
  • Publisert: 4 uker siden
  • 30. juli 2025

Om stillinga

Aurland kommune søkjer ein engasjert og strategisk rådgjevar med prosjektansvar til avdelinga forvaltning i 100% fast stilling. Dette er ei spanande stilling for deg som ønskjer å bidra til berekraftig utvikling for kommunen og gode løysingar på tvers av fagområde – i ein kommune der du får påverknad og varierte arbeidsoppgåver frå dag éin.

Som rådgjevar med prosjektansvar vil du få ei sentral rolle i utvikling og gjennomføring av prosjekt, sakshandsaming og fagleg rådgjeving innan mellom anna samfunnsutvikling, bygg, klima og miljø, samt ulike forvaltningsprosessar. Stillinga er plassert i avdelinga forvaltning, som høyrer til kommunalområdet samfunnsutvikling. 
Aurland kommune er ein liten organisasjon med breie fagområde, noko som gjer fleksibilitet i oppgåve- og ansvarsdeling både naudsynt og verdsett. Du vil få nødvendig opplæring og kompetanseheving dersom du vert tillagt oppgåver utanfor fagbakgrunnen din.
Du vil elles arbeide tett saman med dyktige kollegaer og ha eit aktivt samarbeid på tvers av fagmiljø og einingar.

I avdelinga forvaltning er det 8 tilsette innan fagområda plan, byggesak, oppmåling, klima/miljø, næring, og kultur. Avdelinga forvaltning er ein av to avdelingar i kommunalområdet samfunnsutvikling. Vi held til på rådhuset på Aurlandsvangen. Der vil du få eige kontor med flott utsikt mot fjord, fjell og elv.

Vi ser etter deg som har evne til å arbeide strategisk og strukturert, som kommuniserer godt både skriftleg og munnleg, og som trivst med å koordinere og leie prosessar i ein organisasjon der fleksibilitet og samarbeid er nøkkelfaktorar.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Prosjektleiing og koordinering av utviklingsprosjekt innan samfunn, bygg, plan og klima/miljø
  • Bidra i forvaltningsprosessar knytt til næring, berekraft og samfunnsutvikling
  • Saksbehandling og utgreiing innan relevante fagområde
  • Samarbeid med interne og eksterne aktørar på tvers av sektorar
  • Strategisk støtte og rådgjeving innanfor forvaltningsområdet

Me tilbyr 

  • Ei allsidig og utviklande stilling med høve til å påverke
  • Eit fagleg sterkt og triveleg team i avdelinga forvaltning
  • Gode kollegaer og samarbeid på tvers av kommunen
  • Arbeidsplass på rådhuset, Aurlandsvangen 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Løn etter avtale
  • Fleksitidsordning 
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen (førebels ut året 2025)
  • Gratis inngang til symjehallen (førebels ut året 2025)
  • Tenestebil (kan vere aktuelt å nytte eigen bil)

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • Relevant mastergrad (krav)
  • God digital kompetanse og evne til å bruke digitale verktøy i prosessar og prosjekt
  • Svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter
  • Erfaring med prosjektleiing og offentleg forvaltning er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel og har evne til å ta gode avgjersler i ein hektisk kvardag
  • Er påliteleg og lojal og kan handtere raske endringar og naudsynte omstillingar
  • Er positiv, robust og godt humør
  • Er tydeleg og samarbeidsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, med god gjennomføringsevne

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.

  • krav om førarkort klasse B

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted