Rådgjevar DIPS

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 26. april 2025

Regionalt EPJ fagsenter, Helse Vest IKT

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.

Helse Vest har kome langt i si IT-utvikling, med innføring av nye system, konsolidering av systemporteføljen og digitalisering av arbeidsprosessane. Vi har likevel mange spennande og utfordrande oppgåver framfor oss. Løysingane i systemporteføljen til Helse Vest har ulik storleik og kompleksitet, og omfattar både nasjonale, regionale og lokale satsingar på klinisk og administrativt område.

Eit av dei største systema er pasientjournalsystemet DIPS. Intern omrokering gjer at vi no er på jakt etter ein ny rådgjevar i seksjonen. Her vil du få jobbe med sakshandsaming, konfigurering i DIPS, og spennande prosjektarbeid. Dette kjem i tillegg til den viktige daglege drifta som klinikarane og pasientane våre er så avhengige av i kvardagen. Det er ønskeleg at ein kan DIPS over gjennomsnittet godt.

Seksjon Pasientjournal i Helse Vest IKT har omlag 20 tilsette, og alle har ulike roller innanfor drift, forvalting og utvikling av pasientjournalsystemet. For oss er det eit viktig mantra å spele kvarandre gode, og vi er stolte av eit inkluderande miljø som jobbar for det felles beste og ei berekraftig helseteneste. I begge stillingane samarbeider
ein tett med føretaka, dei andre tilsette i seksjonen, samt andre relevante seksjonar og avdelingar i Helse Vest IKT.

Arbeidsstad er Bergen, Stavanger, Førde eller Haugesund.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming av innmeldte problemstillingar.
  • Konfigurering i DIPS.
  • Rådgje kundar og brukarar i konkrete problemstillingar, samt bistå i formidling av moglegheiter.
  • Bidra til å vedlikehalde og vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • Deltaking i prosjekt, arbeidsgrupper og andre relevante forum.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelornivå. Arbeidserfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå bruk av DIPS.
  • Evne til arbeid i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø.

Personlege eigenskapar

  • Du er open og positiv i møte med andre menneske.
  • Evnar å kommunisere med både teknisk, merkantilt og klinisk personell.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Er systematisk, har god struktur og er nøyaktig.
  • Er resultatorientert og målretta.
  • Fokus på gode brukaropplevingar.
  • Initiativrik og evnar å arbeide sjølvstendig.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk.

Vi tilbyr

  • Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtida sitt helsevesen.
  • Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faglege samlingar og kurs.
  • Engasjerte kollegaer.
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.

Vi likar å sjå kvarandre på kontoret i dei flotte lokala våre. Å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for god balanse mellom jobb og fritid.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frode Nilsen, Seksjonsleiar, +47 92 26 53 56

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4948415107
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted