Rådgjevar

  • Heltid
  • FLORØ, NORGE
  • Publisert: 4 uker siden
  • 9. august 2025

Nav Kinn, Kinn kommune

Blir du motivert av å jobbe med menneske og har tru på den enkelte sine ressursar?
Er du ein person med pågangsmot og engasjement, som ønskjer å gjere ein forskjell? Trivast du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan du vere den vi ser etter.

Om oss:

Kinn kommune har 17 419 innbyggarar. Nav Kinn har 34 tilsette med kontor i Måløy og Florø, organisert i to avdelingar: Brukarsenter og Oppfølging. Vi har no ledig eit 100% vikariat som rådgjevar i Florø, i avdeling Oppfølging.   

I avdelinga følgjer vi opp innbyggjarar som mottar AAP, uføretrygd eller andre ytingar, og som har behov for tettare oppfølging og rettleiing.
Avdelinga jobbar også etter Ungdomsgarantien, som er ei forskriftsfesta lovendring frå 2023. Ungdomsgarantien skal sikre at unge under 30 år får eit tilbod om individuelt tilpassa oppfølging. Målet er å styrke unge sine moglegheiter til å skaffe eller behalde arbeid, samt bidra til ei stabil tilknyting til arbeidslivet.

Som medarbeidar hos oss skal du rettleie og motivere menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon på grunn av helse, sosiale utfordringar og/eller arbeidsløyse, og som har behov for bistand og oppfølging frå Nav-kontoret for å kome i arbeid og meiningsfull aktivitet.

Vi ser etter ein engasjert medarbeider som kan tre inn i rolla raskt. 

Arbeidsoppgåver

Som rettleiar hos oss, vil arbeidet dreie seg om:

  • Oppfølging og rettleiing av personar som treng hjelp til å kome i arbeid
  • Bidra til at arbeidssøkjarar utarbeider plan med aktivitetar mot arbeid, og støtte opp under at den blir gjennomført
  • Kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter med mål om arbeid
  • Motivere arbeidssøkjarar til arbeid
  • Samhandle med kollegaer, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
  • Saksbehandle og dokumentere i våre fagsystem etter gjeldande lovverk og retningslinjer
  • Oppsøkje og samarbeide med arbeidsgivarar for å gi fleire arbeidssøkjarar moglegheiter i arbeidslivet
  • Følge opp unge under 30 år gjennom heilskapleg oppfølging og rettleiing i tråd med ungdomsgarantien og hybridmodellen
  • Halde deg fagleg oppdatert på lovverk og arbeidsmarknaden

Vi er i stadig utvikling, så arbeids- og ansvarsområdet kan endre seg. Stilingens innhald kan også justerast basert på kontorets behov. 

Nav Kinn har to lokasjonar. Tilsette må rekne med å reise mellom lokasjonane ved behov.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Høgare relevant utdanning på bachelornivå som til dømes sosionom, sosiologi, samfunnsvitenskap og juss. Deler av utdanningskravet kan erstattast av lang og relevant erfaring
  • Kjennskap, interesse og forståelse for Nav's lov- og rammeverk
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og muntleg
  • Gode digitale ferdigheiter og interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy

Det er ønskeleg at du har:

  • Erfaring frå arbeid i Nav
  • Erfaring frå veiledning av mennesker i endringsprosesser
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

  • Du er systematisk, strukturert og jobbar sjølvstendig
  • Du er motivert og trivst med arbeidsoppgåver som inneber brukarkontakt via samtalar, digitale system og telefon
  • Du er ein relasjonsbyggar som likar å arbeide med menneske og har evne til å skape gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartnarar
  • Du møter brukarar med likeverd og respekt, samstundes som du set grenser og avklarar forventningar

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan viktig samfunnsområde
  • Ein organisasjon som er i stadig endring og som gir moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Kjekke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmijø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilsetting i Kinn kommune etter gjeldande tariffavtalar
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP (2% pensjonstrekk)

Kontaktinformasjon

Lene Ullaland Veka, Avdelingsleiar NAV Kinn, 41377182

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4977360757
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted