Rådgjevar

  • Heltid
  • LEIKANGER, NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Kompetansesenter for distriktsutvikling

Som rådgjevar vil du jobbe mykje med å

  • Sakshandsame søknadar om støtte og utbetalingsførespurnadar.
  • Gi råd og rettleiing til butikkane og Merkur-konsulentane.
  • Følge opp tilsegn om støtte.
  • Følge opp budsjett for Merkur-området.
  • Etablere og følgje opp rutinar for saksbehandling og rapportering.
  • Avstemmings- og kontrolloppgåver.

Vi ser etter deg som

  • har økonomi- og/eller jusutdanning, minimum på bachelornivå. I særskilde tilfelle kan erfaring kompensere for utdanningskravet.
  • har minimum 3 års relevant erfaring.
  • er kjent med å bruke digitale verktøy, gjerne Excel og Power BI.
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og eit bevisst forhold til klarspråk og beherskar begge målformer.

Personlege eigenskapar vi legg vekt på

  • Du er nøyaktig og strukturert.
  • Du er løysingsorientert, omgjengeleg og lett å kommunisere med.
  • Du har god vurderingsevne og evnar å sjå moglegheiter.
  • Du er sjølvstendig, og jobbar godt saman med andre.
  • Du møter butikkar og konsulentar på ein trygg og kompetent måte.

I Distriktssenteret får du

  • konkurransedyktig løn
  • fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk
  • godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman.
  • fagleg utvikling, arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spanande samfunnsoppdrag.
  • trening i arbeidstida.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar.

Meir om Merkur-programmet og Distriktssenteret

Målet med Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-programmet har både kompetanse og økonomisk støtte som verkemiddel. Ein viktig del av Merkur-programmet er våre 10 Merkur-konsulentar som følgjer opp 560 butikkar i heile landet.

Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar sin evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.

Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet, med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.

Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.

Gjer deg meir kjent med oss på distriktssenteret.no og merkur-programmet.no.

Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar gruppe til intervju.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du forklare kvifor. Opplysningar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall vil vi varsle deg først.

Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!