Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn
Er du utdanna ingeniør eller jurist med kompetanse innan forureiningsregelverket og offentleg forvaltning? Er du interessert i miljø og naturen rundt oss?
Då er du kanskje vår nye saksbehandlar.
Som saksbehandlar i Verksemd Vatn og avløp får du vere med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag. Du vil få faglige utfordringar og saker relatert til eit stort og variert område. Du vil òg bidra til å styrke avdelinga si rolle som ansvarlig myndigheitsutøver.
Avdeling Myndigheit har for tida åtte tilsette og er ei av tre avdelingar i Verksemd for Vatn og avløp i Ålesund kommune. Avdelinga er tillagt kommunen si myndigheit etter forureiningsregelverket, som til dømes utsleppsløyve, forsøpling og forureining. Avdelinga har tilhaldsstad på rådhuset i Ålesund sentrum.
Avdelinga har tilsette med kompetanse innan fagfelta teknisk, juridisk, økonomi og merkantil. Med bakgrunn i auka tal på saker ønskjer vi å styrkje fagmiljøet med ein saksbehandlar, til dømes ein ingeniør eller ein jurist.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling – myndigheitsutøving etter forureiningsregelverket
- Kommunisere både skriftleg og munnleg med brukarar/abonnentar og andre offentlege myndigheiter
- Utarbeide og revidere lokale forskrifter og andre regelverk/normer
- For den som har interesse for det, vil det også vere mulig å delta i utviklingsarbeid knytt til arbeidsmetodikk og organisering av kommunen sitt arbeid på fagområdet
- Andre oppgåver og saksbehandling innan verksemda sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Bachelor eller master innan vatn og avløp, miljø- eller kommunalteknisk område eller Master i rettsvitenskap eller cand jur
- For søkjarar med anna utdanning kan relevant erfaring kompensere for utdanningskravet
- God kjennskap til forvaltningslova og forureiningsregelverket
- Erfaring frå eller med offentleg forvaltning er ein fordel
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Interesse for miljøsaker og samspel mellom offentleg mynde og utbyggjar/verksemd/abonnent/innbyggjar
- Evne til å finne løysingar i kryssingspunktet mellom ulike interesser
- Du trivst med å rettleie, og kan handsame ulike synspunkt
- Du ønskjer sjølvstendig ansvar innanfor fagfeltet og ønskjer å byggje kompetanse basert på eigne og
avdelinga/verksemda sine erfaringar på ein konstruktiv måte - Du er ein lagspelar og har gode samarbeidsevner
- Du er resultatorientert og liker å vere del av eit fellesskap med høg aktivitet
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og utviklande arbeidsoppgåve i eit tverrfagleg miljø med variert kompetanse
- Opplæring og gode muligheiter for kurs, etter- og vidareutdanning – dette etter avtale med leiar
- Fleksibel arbeidstidsordning basert på normalarbeidstid
- God pensjonsordning
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Rose Mari Refsnes, Avdelingsleiar, 911 56 432, rose.mari.refsnes@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms g. 11
6003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn
Referansenr.: 4988507436
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025