Rådgivar for kommunikasjon og marknadsføring

  • Heltid
  • SOGNDAL, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 25. oktober 2025

Sogn Næring As

Sogn Næring arbeider for vekst og grøn omstilling i Sogn. Vi ser no etter deg som har lyst til å bruke kompetansen din innan kommunikasjon og marknadsføring til å styrkje næringslivet og utvikle regionen vidare. Denne stillinga skal vere ein ressurs på tvers av våre fire strategiske innsatsområde.

Hva vi ser etter

Kven er du?

Vi ser etter ein person som er:

  • sjølvgåande, initiativrik og glad i folk

  • trygg på å kommunisere både skriftleg og munnleg

  • i stand til å gjere komplekse tema enkle og forståelege

Det er ein fordel om du har erfaring eller interesse innan:

  • marknadsføring, kommunikasjon eller merkevarebygging

  • journalistikk, foto, design eller prosjektarbeid

  • digitale verktøy som nettsideløysingar (vi brukar Squarespace) og sosiale medium

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle og følgje opp kommunikasjonstiltak i eigne kanalar og saman med partnarar

  • Produsere og formidle innhald til nettsider, sosiale medium og nyheitsbrev

  • Arbeide med tekst, bilete og video, og prøve ut nye format og kanalar

  • Bidra til å utvikle og styrkje profilen til Sogn Næring og våre partnarar

  • Planlegge og gjennomføre arrangement, med fokus på kommunikasjon og synleggjering

Som rådgjevar får du òg ansvar for å drive fram eigne prosjekt innan regional profilering og marknadsføring. Her får du moglegheit til å utforme prosjekt heilt frå idéstadiet, med stor fridom i korleis dei blir gjennomførte. I tett samarbeid med dyktige partnarar kan du vere med å påverke korleis Sogn blir vist fram.

Vi tilbyr

I Sogn Næring får du

  • ein variert arbeidskvardag i tett kontakt med næringslivet

  • høve til å forme rolla og utvikle eigen kompetanse

  • eit engasjert team som arbeider for ei berekraftig utvikling i Sogn

  • kontorplass midt i Sogndal, og fleksible løysingar når det trengst

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted