Drift/teknisk divisjon/Dokumentasjonsavdelinga, Helse Bergen HF
Dokumentasjonsavdelinga i Helse Bergen har som oppdrag å levere heilskaplege dokumentasjonstenester til heile helseføretaket. Avdelinga består av fire seksjonar med til saman ca. 105 medarbeidarar. Som rådgivar hos Dokumentasjonsavdelinga vil du vere ein del av Fagseksjon for papirforvaltning og depot. Fagseksjonen har åtte medarbeidarar og har ansvar for forvalting av papirarkiva til helseføretaket.
Mykje av det som blir teken hand om i seksjonen er eldre pasientjournalar i papirform. Fagseksjonen legg til rette for innsyn i eldre arkivsaker og sørgjer for å avlevere arkivmateriale til Arkivverket. Seksjonen har utvikla seg kraftig dei siste åra, og er framleis i utvikling. Det er difor naudsynt med ein rådgivar som har interesse for eldre papirarkiv og som evner å finne løysingar med digitale verktøy.
Kjenner du på verdien av å ta vare på historia? Blir du motivert av moglegheita til å vere med på å utvikle fagseksjonen vidare? Då kan du vere kandidaten vi er på jakt etter.
Arbeidsoppgåver
- Behandle innsynsførespurnader frå interne og eksterne kundar/brukarar
- Skanning av pasientdokumentasjon til elektronisk pasientjournalsystem
- Rettleiing og rådgiving av kollegaer og kundar
- IT-arbeid knytt til avlevering av arkiv til Arkivverket
- Mottak av nytt arkivmateriale
- Digitalisering av papirarkiv
- Prosjektleiing
- Utviklings- og forbetringsarbeid i seksjonen og avdelinga
- Informasjonsarbeid i seksjonen, avdelinga og resten av føretaket
- Arbeid med nettsider
Kvalifikasjonar
- Høg IT-kompetanse
- Relevant utdanning på høgskole-/universitetsnivå. Minimum fullført bachelorgrad
- Norskkompetanse på minimum B2-nivå
- God fysisk helse
- Kunnskap om relevant lovverk
- Erfaring med arkivarbeid i offentleg sektor, fortrinnsvis helsearkiv
- Erfaring med papirarkiv
- Erfaring med DIPS Arena
- Erfaring med digitalisering av papirarkiv
- Erfaring med leiing av prosjekt
- Erfaring med arbeid med nettsider (Sharepoint og Optimizely)
- Erfaring med skanning av mikrofilm vil vere ein fordel
- Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert
- Nøyaktig
- Gode samarbeidsevner
- Interessert i å gjere kollegaer gode
- Initiativrik
- Serviceinnstilt
- Tek ansvar
- Har evne til å prioritere arbeidsoppgåvene
- Er lojal mot målsettingar, visjonar og retningslinjer i føretaket
- Gode analytiske eigenskapar
- God arbeidskapasitet
- Evne til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i KLP
- IA-bedrift
- Mogleik for å påverke eiga stilling og arbeidsfelt
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Valvik Vågen, Seksjonsleiar, 55978423
Arbeidsstad
Møllendalsbakken 9A
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5022798174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025