Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
DPS Poliklinikk Ålesund søkjer no ein engasjert og kompetent Psykologspesialist/psykolog til ei fast stilling i vårt gruppebehandlingstilbod.
Gruppebehandlingsteamet består av åtte stillingar: to overlegar, ein psykomotorisk fysioterapeut, ein psykologspesialist, ein sosionom og tre psykiatriske sjukepleiarar. Tilbodet vårt er retta mot pasientar med moderate til alvorlege psykiske lidingar, der gruppebehandling er hovudmetoden.
Vi tilbyr både langtids- og korttidsgrupper, som til dømes mentaliseringsbaserte grupper, leveregelgrupper, biletterapigrupper, psykodynamiske grupper og ulike psykopedagogiske tilbod. Vi har og nyleg starta opp med STEPPS, eit tilbod retta mot personar med vanskar knytt til emosjonsregulering.
Gruppebehandlingsteamet er ein del av vaksenpsykiatrisk poliklinikk i Ålesund, som òg omfattar fleire andre team med ulike spesialiserte oppgåver. Vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tenestene våre i tråd med pasientane sine behov.
Vi søkjer deg som har eit sterkt fagleg engasjement og ønskjer å bidra aktivt i eit utviklande og tverrfagleg miljø. Du må vere motivert for å utvikle deg sjølv fagleg og personleg – i lag med oss.
Arbeidsoppgåver
- Utredning og behandling av pasientar individuelt og i poliklinikken sitt gruppetilbod
- Bidra med fagkompetanse inn i teamet og i poliklinikken som heilhet
- Som spesialist delta i poliklinikken sine inntaksvurderingar
- Rettleiing til ikkje-spesialistar i poliklinikken
- Samarbeid med poliklinikken sine øvrige team
- Samarbeid med kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog og godkjenning som psykologspesialist
- Psykologar i Spesialiseringsløp kan også søke
- Det er ønskeleg med tilleggsutdanning eller erfaring innan gruppebehandling
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper (minimum B2-nivå)
Personlege eigenskapar
- Du har gode faglege kvalifikasjonar
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du har engasjement og interesse for utvikling innan psykisk helsevern
- Du har evne til å sette pasienten sine behov i sentrum
- Personleg eignaheit vert vektlagd vekt tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5049370274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026