Psykologspesialist/psykolog

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • 20. desember 2025

Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Poliklinikken (BUP) i Ålesund har for tida to ledige stillingar der arbeidet er tilknytta generalistteam evt akutt ambulant team.

Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost/døgnseksjon og har eit breitt samansett og spanande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.

I tillegg til generalistteam har vi eit akutt/ambulant team. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med ein 4-dagars behandlingsmodell), eit spanande fagmiljø for gruppebehandling, sped- og småbarn, samt at vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer. 

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne er ei forventa arbeidsoppgåve.

Er du på utkikk etter ei stilling som psykologspesialist/psykolog der du blir ein del av eit godt fagleg fellesskap? Ta gjerne kontakt så får du høyre meir om oss!

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad)
  • Rettleiing og samarbeid med våre samarbeidsinstansar (kommunal helsetjeneste, PPT, barnevern osv.) 
  • Vere deltakande i rettleiing til andre psykologar (t.d rettleiing/supervisjon)

Kvalifikasjonar

  • Psykolog med fullført spesialisering innan relevant fagområde (barn og ungdom, eller voksenpsykiatri).
  • God erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta, og gjerne med interesse for arbeid med nevrobiologiske tilstandar (autisme, ADHD m.v.)
  • Psykologar som ikkje har fullført spesialisering kan og søke, men må då ha norsk autorisasjon
  • Krav om å meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Politiattest må leggast fram før tilsetting
  • Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du må ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Du vert kontinuerleg  involvert i fag- og organisasjonsutvikling, og det er forventa aktiv deltaking og sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innanfor avtalt arbeidstid.
  • Du vert ein del av eit tverrfagleg team i seksjonen, og det å vere personleg eigna vil mellom anna bli vurdert opp mot evne til samhandling

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, inger.ann.berge@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5048700026
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.12.2025