Psykologspesialist/Psykolog

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 3. august 2025

Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringsteneste, barn og unge, Helse Bergen HF

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) arbeider med barn og unge med nedsett funksjonsnivå. Vi arbeider for å betre livskvailiteten til desse barna og familiane deira. For å lukkast med dette har HABU eit tverrfagleg team kring barnet som består av legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, vernepleiarar, merkantile og logopedar. 

Til saman er vi 30 høgkompetente medarbeidarar som vert motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommuneheletenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet. 

Vi søker Psykologspesialist/Psykolog i spesialisering til fast stilling frå 1.november 2025. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med nedsett funksjonsevne, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A.

Arbeidsoppgåver

  • Kliniske oppgåver, utgreiing og diagnostikk av barn og unge
  • Arbeid med familie- og nettverk der rådgiving, rettleiing og undervising til familie og lokalt hjelpeapparat inngår
  • Kartlegging/utgreiing og rettleiing av utfordrande åtferd
  • Utarbeide og gjennomføre forelesingar på kurs og nettverk
  • Vere ein aktiv bidragsytar i fagutvikling 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Ønskeleg med kompetanse og erfaring frå arbeid med utgreiing og oppfølging av barn og ungdom med nedsett funksjonsevne
  • Du har kompetanse og erfaring frå tverrfagleg og tverrsektorielt habiliteringsarbeid
  • Du har god formidlingsevne, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å sjå ressursen i barna og omgjevnadane 
  • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei, både pasientar og kollegaer
  • Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og utvise stor grad av ansvarlegheit
  • Du fremmer eige fag samstundes som du er lydhøyr for andre i eit tverrfagleg team
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
  • Du er ein fleksibel og omgjengeleg lagspelar med god arbeidskapasitet
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og for å jobbe med barn og ungdom
  • Du deler raust av din kunnskap og di erfaring får fram det beste i andre

Vi tilbyr

  • Ein arena for læring og utvikling i lag med kompetente og spesialiserte fagpersonar
  • Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
  • Eit arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå, engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Pernille Schaathun Berge, Seksjonsleiar, 55978319, pernille.berge@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15
5009 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4981523119
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted