Psykologspesialist/psykolog

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 22. juni 2025

Habilitering barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Vil du vere med på laget vårt?

Habilitering for barn og ungdom ved Ålesund sjukehus har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist/psykolog frå 11.08.25.
Habilitering for barn og ungdom i Ålesund har eit tverrfagleg team som består av lege, psykolog/psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, vernepleiar, pedagog, sjukepleiar og merkantilt personale.
Vi arbeider i tverrfaglege team med diagnostisering, oppfølging/behandling, rettleiing og pasientopplæring. HABU har utstrakt samarbeid med kommunale tenester, og store delar av tenesta er ambulant. Målgruppa vår er born med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom, som har behov for tverrfaglege habiliteringstenester på spesialistnivå.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering
  • Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utgreiing og behandling/oppfølging
  • Pasientopplæring
  • Oppfølging av foreldre/føresette
  • Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnarar
  • Delta i fagutvikling og forsking
  • Ambulant arbeid er ein viktig del av oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B). Vi har tenestebilar til disposisjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
  • Erfaring og kjennskap til utgreiing og oppfølging av HABU sine målgrupper
  • Kunnskap om barn/unge med psykisk utviklingshemming, tidleg erverva/medfødde skadar og samansette vanskar er spesielt ønskjeleg
  • Erfaring og kompetanse innan utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
  • Evne til å rettleie fagpersonar i førstelinjetenesta
  • Meistre norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har heilskapsforståing
  • Du utviser fleksibilitet
  • Du er strukturert og målretta, og har evne til sjølvstendig planlegging
  • Du har gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg miljø

Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga, vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Rekrutteringstillegg for psykologsepsialister/psykologer

 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, +47 70 10 64 46, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4948019528
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted