Kronstad distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen HF
Kronstad DPS søkjer engasjert psykologspesialist/psykolog
Kronstad DPS ligg sentralt på Danmarksplass og har ansvar for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune. Klinikken dekkjer eit område med om lag 98.000 innbyggjarar over 18 år og er ein av dei største i sitt slag, med tenester innan døgn-, dag-, ambulante og polikliniske behandlingar. Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, samarbeid og differensierte behandlingstilbod.
Blant våre spesialiserte behandlingsteam finn du Regionalt senter for sansetap og psykisk helse (RSSP). Dette er eit unikt tilbod for pasientar med samtidig sansetap og psykiske helseutfordringar.
Om stillinga
Vi søkjer ein engasjert psykologspesialist/psykolog som vil vere med å utvikle dette viktige behandlingstilbodet. Arbeidsoppgåvene omfattar utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med eit breitt spekter av psykiske lidingar, kombinert med sansetap som kan variere frå moderat nedsett syn eller høyrsel til meir omfattande tilstandar som blindheit, døvheit eller dobbelt sansetap.
Teamet ved RSSP bidrar også med rettleiing, undervisning og nettverksmøte for fagfolk innan psykiatri og syns-/høyrselsfeltet. Som ein del av eit regionalt tilbod vil du samarbeide både digitalt og fysisk, med hovudvekt på pasientar frå Bergensområdet. Arbeidet gir stor variasjon og autonomi, og senteret har eit tett samarbeid med fagmiljøet ved Nasjonal behandlingsteneste for sansetap og psykisk helse på Oslo universitetssjukehus.
Vi ønskjer deg som er godkjent psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi eller ein nærliggande spesialitet, og som har erfaring med eller interesse for pasientar med samansette utfordringar knytt til psykisk helse og sansetap. Om du ikkje er godkjend psykologspesialist kan du likevel kome i betraktning for stillinga hvis du ellers har dei rette kvalifikasjonane og eigenskapene. Du har gode samarbeidsevner, trivst med tverrfagleg arbeid og evnar å balansere tryggleik i eigne faglege vurderingar med respekt for ulike faglege perspektiv. Vi ser etter ein fleksibel og engasjert kollega som vil bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidshverdag i eit sterkt fagmiljø, med moglegheit til å bidra i utviklinga av eit unikt behandlingstilbod for pasientar med sansetap og psykiske helseutfordringar. Du vil få tett samarbeid med dyktige kollegaer både lokalt og nasjonalt, og moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med undervisning og fagleg utvikling.
Om Kronstad DPS
Som ein del av Helse Bergen HF er Kronstad DPS ein universitetsklinikk med ansvar for utdanning av psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing og opplæring av psykologar i spesialisering vil difor kunne vere ein del av dine oppgåver.
Er du motivert for å bli ein del av vårt team og bidra til å styrke behandlingstilbodet for denne pasientgruppa? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med eit breitt spekter av psykiske lidingar kombinert med sansetap
- Vegleiing og undervisning til kollegaer og samarbeidspartnarar innan psykisk helse og syns-/høyrselsfeltet
- Samarbeid med pårørande, fastlegar og andre instansar som NAV, skule eller arbeidsgivar ved behov
- Bidra til utvikling av behandlingstilbodet ved senteret, inkludert fagleg samarbeid med nasjonale og regionale aktørar
- Rettleiing av psykologar i spesialisering (dersom relevant)
- Deltaking i nettverksmøte og fagdagar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog og eventuelt godkjenning som psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi eller nærliggande spesialitet. Erfarne psykologer kan og søkje
- Erfaring frå arbeid med samansette problemstillingar innan psykisk helsevern, gjerne frå poliklinikk eller liknande
- Interesse for, eller erfaring med, arbeid knytt til sansetap og psykiske lidingar
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg. Andre språkkunnskapar kan vere ein fordel
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid og veiledning er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Engasjement og interesse for pasientgruppa og fagområdet
- Gode samarbeidsevner og evne til å trivast i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team
- Trygg i faglege vurderingar, med vilje til å ta omsyn til andre faglege perspektiv
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å forklare faglege vurderingar på ein tydeleg og forståeleg måte
- Fleksibilitet, fagleg nysgjerrigheit og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø
- Moglegheit til å bidra i utviklinga av eit unikt behandlingstilbod
- Tett samarbeid med dyktige kollegaer både lokalt og nasjonalt
- Moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med undervisning og fagleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige
stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same
gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i
Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Per Birkhaug, Ass. seksjonsleiar, 92411715
Kristin Opedal, Overlege, 55956126
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4941589437
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025