Stord DPS
Vi har ledig 1-års vikariat frå 01.03.26 som psykolog eller psykologspesialist i allmennteamet ved poliklinikken.
Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.
Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Vi etablerte lokalt Kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking. Vi har implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande).
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostikk og behandling.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Rettleiing til samarbeidspartnarar.
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning,teamarbeid).
- Ved spesialist: Spesialistoppgaver, t.d. rettleiing av psykologar/ psykologar i spesialisering.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som psykolog.
- Erfaring frå arbeid i DPS/ VOP, eller arbeid med individualterapi i kommunal regi.
- Interesse for psykologifaget og utvikling av behandlingstilbod.
- Fortrinnsvis fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller psykolog påbegynt slik fordjuping.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team.
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø – som er høgt prioritert ved SDPS!
- er strukturert og har ein sterk gjennomføringsevne.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi tilbyr
- Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Fagleg og personleg utvikling.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Kontaktinformasjon
Øydis Grov, Funksjonsleiar, +47 97084406, oydis.grov@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5049887656
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.12.2025