Psykolog, 100% fast stilling

  • Heltid
  • EIVINDVIK, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 26. januar 2026

Om stillinga 

Gulen og Masfjorden kommune har gjennom vertskommunesamarbeid ledig 100% fast stilling som kommunepsykolog. Stillinga er nyoppretta. Vi er på leit etter deg som vil bidra til kvalitet, utvikling og samhandling i tenestene. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, samt bonus på 100 000,- ved binding i to år. Mogleg med avtale om noko heimekontor dersom ynskjeleg/fleksibel arbeidstid. Arbeidsområdet vil vere i begge kommunane, og det er allereie fleire vertskommunesamarbeid mellom kommunane. Gulen kommune er vertskommune for denne stillinga. Kontorstad vert i Eivindvik og på Hosteland. Ein må pårekne noko reising.

Me tilbyr 

  • Konkurransedyktig løn, samt bonus på 100 000,- ved binding i denne stillinga i to år. Bonusen vert utbetalt ratevis gjennom dei to fyrste åra. 
  • Spanande og varierte oppgåver 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Løn etter avtale 
  • Moglegheit for spesialisering 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Hjelp til å sjå etter bustad

Sletting av studielån!

Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga startar 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som hels etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no). 

Bakteppe

I begge kommunane er det einingsleiar ved eining helse som har ansvar for psykologtenesta, slik at dialog kring innsatsområde, prioriteringar osb. vil skje i dialog med dei to einingsleiarane. Arbeidsgivaransvaret for stillinga ligg til Gulen kommune. I tillegg til psykologtenesta har eininga også ansvar for andre kurative tenester, som til dømes legeteneste, helsestasjon, psykisk helse og rus, fysioterapi og ergoterapi. Gulen og Masfjorden har frå før felles barnevernteneste, PPT, jordmorteneste og brannvern. Alle kommunane i Region Nordhordland er medeigar i Helsehuset i Knarvik. Det pågår eit samarbeid for eit breitt og fagleg fellesskap gjennom samarbeidsprosjektet "Fag- og tenesteutvikling" ute i kommunane og i dei tilrettelagte møtearenaene i Helsehuset. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene i stillinga vil verte tredelt, med hovudfokus på fylgjande område: 
    • førebyggande og kurative tenester til innbyggjarane, både til individ og grupper 
    • rettleing og fagstøtte til andre tenesteytarar og faggrupper i kommunen 
    • plan- og utviklingsarbeid på systemnivå 
  • Andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonar 

  • Offentleg godkjent psykolog/psykologspesialist 
  • Det er ein fordel med med relevant klinisk erfaring 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk) 
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar 

Me ynskjer at du: 

  • Har evne til å sjå heilskap og samanhengar 
  • Er pliktoppfyllande, fleksibel, strukturert og løysingsorientert 
  • Har evne til å skape tillit hos brukarar og samarbeidspartnarar 
  • Kan arbeide både sjølvstendig og samarbeide godt i team, og har gjennomføringskraft 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen og Masfjorden kommunar er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • Det vert det stilt krav om politiattest 
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted