Bømlo kommune
Vil du vere med å forme framtidas helse- og omsorgstenester i Bømlo kommune?
Me søkjer ein engasjert og strukturert prosjektutviklar som vil spele ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidsretta bustad- og tenestetilbod for innbyggjarane våre.
Som prosjektutviklar vil du vere ein sentral ressurs og pådrivar i arbeidet med å utvikle og realisere nye løysingar innan helse og omsorg. Du vil arbeide tett med både interne og eksterne aktørar, og bidra til å omforme planar og idear til konkrete tiltak – frå idé til gjennomføring.
Stillinga er ei 2-årig prosjektstilling med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
Dine hovudoppgåver vil vere / du vil få ansvar for å drive fram prosjekt knytt til:
- Utvikling og etablering av bustader for ulike brukargrupper – frå livsløpsbustader til omsorgsbustader og omsorg+
- Oppfølging av skisseprosjekt for forsterka skjerma plassar og omsorgsbustader.
- Ombygging av eksisterande bustader tilpassa brukarar med samansette behov.
- Stimulering av private initiativ til bustadutvikling i kommunesenter og delsenter.
- Planlegging av bustadstruktur og samhandling i grenseflata mellom ulike tenester, i tråd med nasjonale reformer som Bu trygt heime og kommunale planar.
- Bidra til utvikling og bruk av velferdsteknologi og sjukesignalanlegg.
- Samarbeid med offentlege og private aktørar som Husbanken, kommunalt eigedomsselskap, byggenæringa og plan- og byggesak.
- Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen for å sikre heilskaplege og berekraftige løysingar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som har:
- Erfaring med prosjektleiing eller har hatt ei aktiv rolle i større prosjekt.
- Erfaring frå utviklingsarbeid i liknande prosjekt, anten i offentleg eller privat sektor tel positivt.
- Høgskuleutdanning innan byggfag, teknologi, helse eller samfunnsplanlegging. Anna relevant utdanning/utdanningsnivå kan og bli vurdert.
- God forståing for offentleg forvaltning og tverrfagleg samarbeid.
- Interesse for teknologi og innsikt i korleis digitale løysingar kan styrke tenestene.
Personlege eigenskapar
- Du er ein sjølvstendig og strukturert person med god gjennomføringsevne.
- Du har evne til å identifisere behov, analysere utfordringar og finne løysingar.
- Du byggjer gode relasjonar med ulike interessentar, er fleksibel og tilpasningsdyktig i møte med endringar.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Ei meiningsfull rolle der du får påverke framtidas helse- og omsorgstilbod i kommunen.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn etter avtale.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Er du klar for å bidra til framtidsretta løysingar i Bømlo kommune? Då vil me gjerne høyre frå deg! Send inn søknad med CV, vitnemål og attestar via Webcruiter innan 18. august 2025. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga ta gjerne kontakt med Kjell Magnar Mellesdal, kommunalsjef helse, sosial og omsorg.
Kontaktinformasjon
Kjell Magnar Mellesdal, Kommunalsjef helse, sosial og omsorg, 480 29 947
Arbeidsstad
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4991424787
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 03.11.2025
Sluttdato: 03.11.2027
Søknadsfrist: 18.08.2025