Voss Næringsråd
For deg som brenn for lokal næringsutvikling og ønskjer å vere ein sentral aktør i samspelet mellom offentleg og privat sektor, tilbyr Voss Næringsråd ei unik moglegheit.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
• Har erfaring med administrativt arbeid og prosjektkoordinering
• Er ein dyktig formidlar, både skriftleg og munnleg
• Trivst med å byggje relasjonar og samarbeide med ulike aktørar
• Er strukturert, initiativrik og sjølvstendig
• Har interesse for næringsutvikling og lokalt engasjement
Arbeidsoppgaver
Som prosjektmedarbeidar vil du vere midt i eit dynamisk nettverk av næringsliv, offentlege instansar og samfunnsutvikling.
Som prosjektmedarbeidar vil du:
• Koordinere og følgje opp sakspapir og møteinnkallingar
• Skrive og publisere utlysingar og innlegg
• Vere kontaktperson for rådsmedlemmar og eksterne samarbeidspartnarar
• Bidra til rekrutteringsprosessar og søknadsarbeid
• Organisere nettverksaktivitetar og arrangement
Vi tilbyr
• Ei deltidsstilling (30–40 %) for ein periode på 12 månader
• Lønsramme på 300 000 kroner for prosjektperioden, med moglegheit for justering basert på arbeidsmetodikk og framdrift
• Fleksibel arbeidstid frå heimekontor
• Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
• Moglegheit for fagleg og personleg vekst gjennom varierte arbeidsoppgåver