Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Vil du jobbe med tilflytting, rekruttering og verdiskaping i ei av Noreg sine mest allsidige og ressurssterke fjellkommunar? Skjåk kommune har eit ledig engasjement i 100% stilling som prosjektleiar for prosjektet "Sats på Skjåk". Prosjektleiar vil fungere som ein bygdeutviklar. Stillinga er ledig frå dags dato og i eitt år fram i tid, med moglegheit for forlenging.
Vil du ha ein variert arbeidskvardag med mange ulike oppgåver og aktivitet? Er du god på å sette retning, samarbeide, organisere og få ting gjort? Vil du ha ein prosjektleiarjobb med meining – der du får brukt dine evner og kompetanse, og der ditt bidrag kan sette spor og gje ei retning for framtida? Om du kjenner deg att i dette dette kan du vere den vi ser etter.
Oppgåver
-
Arbeide med bu- og blilyst
-
Kommunikasjon og marknadsføring
-
Leggje til rette for digital deltaking og informasjon for utflytta skjåkværar og andre som er interessert i Skjåk
-
Skape strukturar og system for varig digital relasjonsbygging
-
Forvalte prøvebuordninga
-
Samarbeid med næringslivet
-
Ta aktiv del i prosjektet "Bli hjå oss"
-
Koordinere og vere ansvarleg for oppfølging av måla i "Sats på Skjåk"
-
Søke nye midlar til ytterlegere tiltak for vidareføring av arbeidet
Kvalifikasjonar
-
Kunnskap og ferdigheiter innan moderne marknadsføring og kommunikasjon
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Strukturert, ryddig og organisert med god gjennomføringsevne
-
Evne til å utføre mange ulike oppgåver parallelt
-
Fleksibel og utviklingsorientert
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne, (Skjåk Kommune har nynorsk som administrasjonsspråk)
Vi vektlegg at du har
-
Relevant utdanning frå fagskule eller høgskule / universitet
-
Vi er generelt opne for at det er kan vere mange ulike erfaringar og bakgrunnar som kan vere nyttige og relevante i denne stillinga, men felles er at ein må vere god på å kommunisere med ulike folk, på å leie og organisere – og på gjennomføring. Søkjar må også vera særs motivert for arbeidet.
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Skjåk kommune kan tilby
-
Ein spennande jobb i eit utviklingsorientert lokalsamfunn og organisasjon
-
Store moglegheiter til å utforme eigen arbeidskvardag og stilling samt personleg og fagleg utvikling
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning KLP
-
Kommunen kan hjelpe til ved behov for bustad
Prosjektleiar vil arbeide tett med næringssjefen og stillinga vil ligge under avdeling for miljø- og samfunnsutvikling.
Spørsmål om stillinga kan rettast til næringssjef Tea Karoline Mork
Epost: tea.karoline.mork@skjaak.kommune.no
Tlf: 901 16 575
Søknadsfrist 28. juli 2025
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren